Stuttjukken sine biletdokumentarar frå norske vegar.

Her postes alle andre bilder som omhandler lastebiler i større eller mindre grad.

Moderatorer: Stig-Arne, Lysmester`n, jvsandem, DeLutte, adri, MOOY, topline164

Stuttjukken sine biletdokumentarar frå norske vegar.

Innlegg Stuttjukken » Fre Okt 20, 2006 23:32

Det er mykje rart på vegane rundt om i vetle Norge oppe i det stadig varmare og mindre kalde nord. Denne tråden er tenkt for å få fram litt dokumentar frå detaljar som Stuttjukken fangar opp, og som viser både norske vegar og livet som føregår der. Dette er på ein måte som MOOY´s Pictures, men tema og vinkling er annleis. Det handlar om å få fram litt av det som skjer på norske vegar, og få fram litt om kvar skoen trykkjer her og der. Dette er nok nokre "bevingede" ord, for Stuttjukken hadde engle-vengene til vask før i dag, så..........

Det første innlegget handlar om rekkjevidda av kvar transporten føregår. Det var no ikkje akkurat her eg hadde venta trailarar på rekkje og rad, men denne septemberdagen var det slik. Bileta er frå ein hard og grov grusveg oppe i eit fjellområde i indre strøk av Mørefylket. Varene skal fram, og kosta kva det kosta vil. Det skal alle godssjåførar ha all honnør for. La dei første bileta stå som eit symbol på at utan lastebilsjåføren, stoppar Norge. Så enkelt er det.

Det vert lagt inn eindel bilete her som dei andre på forumet må tenkja seg om mange gonger for å finna ut kvar det er. Dei første bileta her får de vita kvar er i frå her og no utan noko om og men. Dermed får Brukar dokumentert at eg var innom denne vegen på ferieturen, ikkje langt unna der han er i frå. Det er nok fleire på forumet som har vore over denne fjellovergangen.

Bileta i dette innlegget er frå Aursjøvegen, ein anleggsveg over fjellet mellom Sunndalsøra på Nordmøre og Eikesdalen/Eresfjord i Romsdal. Turen er absolutt å tilrå for folk på ferietur, men ha skikkeleg god tid. Stuttjukken oppheld seg der oppe i 4-5 timar, på ein vegstrekning på vel 7 mil. Det gjekk ikkje akkurat i trailartempo, kan eg lova dykk. Sjølv sneglane fór avgarde som nokre kometar.

1. Dette er óg ei kommunegrense. Sunndal er på Nordmøre og Nesset er i Romsdal.

Bilde

2. Med Scania frå Fjord1 så støvet fyk lang veg. Dette er i Torbudalen.

Bilde

3. Det kom fleire trailarar over Torbudalen.

Bilde

Så får det koma fleire innlegg å bilete etterkvart rundt dette uregjerlege temaet. Her er det berre å fyra laus, og alle på forumet kan koma med sine bilete og dokumentarar på denne tråden. Vonar det er greit med denne tråden, Rubber Duck og Topline. Eg veit hensikten med denne tråden, og tida vil visa om tråden kan vera til nytte på eit eller anna vis. Tråden skal visa kvardagslivet og ulike forhold på norske vegar som har betydning for oss på ein eller annan måte.
Stuttjukken
- på norske vegar -
 
Innlegg: 4821
Registrert: Fre Des 09, 2005 20:01
Bosted: Arna, Bergen.

Innlegg Rubber Duck » Fre Okt 20, 2006 23:36

Knallbilder Stuttjukken! :tommel:
Selvfølgelig er det helt i orden at du ordner deg en slik tråd, du har meget god peiling på den norske geografien, ekstra moro når du legger ved bilder i tillegg! Ser fram til flere bilder og innlegg fra deg her! :D
Man skal ikke plage andre. Man skal være grei og snill. Og for øvrig kan man gjøre hva man vil.

http://www.facebook.com/bergli.truckstop
Brukerens avatar
Rubber Duck
Administrator
 
Innlegg: 11305
Registrert: Søn Aug 28, 2005 15:28
Bosted: Trondheim

Innlegg Stuttjukken » Lør Okt 21, 2006 00:15

Ein del av bileta eg tek er "disete", og forklaringa er så enkel som at desse bileta er teke frå inne i småbilen (eller bussen på enkelte andre bilete).

Eg held på å ordna ein biletdokumentar frå bussruta på Bergsdals-vegen (Dale - Bergsdalen - Hamlagrø), men denne hamnar i sjåførdagboka når bileta er klare, (29 bilete som tek 1/2 dag å lasta opp, ADSL-GRØSS). Dessutan har eg ein annan biletdokumentar på 10 bilete som eg óg held på med, og den skal nok volda dei fleste på forumet noko hovudbry, men eg er heilt sikker på at det er nokon som har køyrt den riksvegen likevel og kjenner seg att. Her er det berre å følgja med, folkens.

Og for FH-beiben nemner eg at det vert no ein eller annan slags vinter etterkvart, så då er det ikkje godt å vita kvar haren (Stuttjukken) hoppar for å skaffa seg biletdokumentasjonar. Klaffar det kan det henda at uvêr på ein fjellovergang vert oppsøkt, men eg lovar ingenting endå. Tida vil visa kva eg får sjansen til å finna på, hehe............

Uansett, det handlar om kvardagen for enkelte. Og eit tips til de som køyrer rundt om. Er det nokon som er interessert, kan eg vera med på ein (ikkje for lang) tur i eit ledig sete ein gong det klaffar for både meg og vedkomande samstundes. Det kan vera alt frå distribusjon til ein litt lengre tur, dumpertur, brøytebil, maskinflytting, terminalar, stasjoneringsstad, vegkroar, kva som helst. Langtransporttur krev nokre dagar, så det må planleggjast langt fram. Eg køyrer jo buss nestan kvar dag sjølv. Det er gjerne slik blant dei fleste på dette forumet er opptekne av det store og det tekniske. Stuttjukken fangar opp andre ting som mange ikkje tenkjer over til dagen, og det kan avfotograferast saman med dei som er interessert i det. Eg kan med det same sei at eg kunne tenkt meg å ha vore med t.d. OlavEmil for å sjå korleis det er å vera lærling. Iallfall, ingen forslag er for lite eller har for liten betydning. Det er berre å fyra laus. Det kan gå litt tid før eg finn tid til oppdraga, men det er mogleg å snakka om det og avtala noko. Så får eg ta det derifrå. Uansett, ingenting av dette skjer utan at dette er avtala på førehand.
Stuttjukken
- på norske vegar -
 
Innlegg: 4821
Registrert: Fre Des 09, 2005 20:01
Bosted: Arna, Bergen.

Innlegg Stuttjukken » Lør Okt 21, 2006 11:22

Så er turen for å gå til neste biletserie, denne gongen med 10 bilete. Dette er frå ein heilt vanleg vestlandsveg, noko som landskapet er tydeleg på. Dette er ein 3-sifra riksveg, med varierande vegbreidde. Den sørvestlege denen av vegstrekninga over land er gammal, svingete og ofte smal. Vegen langs fjorden er av nyare dato, såpass ny at Stuttjukken kan fortelja at han har reist med ferja utover fjorden her 2 gonger på første halvdel av 80-talet. Landskapet ber preg av høge og kystnære fjell, og få stader er fjella så høge tett innanfor havet som dei er her. Det vanleg på Vestlandet er at det er heller låge fjell ut mot kysten, for så at fjella vert høgare innover. I dette området vert fjella høge kjapt innanfor kysten, og her finns brear og det er mykje nedbør i området.

Elles verkar det stille i desse bygdene, men det finns litt industri innanfor båtbyggjing. For sjåførar som har nervar til det er dette ein grei snarveg mellom nordlege delar av Vestlandet og ein større stad ute i havgapet med meir båtindustri. At vegen i dag er ferjefri, talar for bruken av denne vegen. Stuttjukken reknar det som sjølvsagt at alle her på forumet har nervar til å køyra denne vegen med stor bil, og eg skulle no koma greitt fram med buss inntil drøye 6 meter i akselavstand om eg tok det med ro. Det er svingane på Hope ein må koma seg rundt, og dei var likeeins den dag i dag, om enn ikkje påtrengjande tronge. Det stod ein kombi-buss nede i bygda ved fjorden, og hugsar eg det kan eg leggja inn bilete av den seinare. Eg kunne ikkje det no, for då hadde dette vorte for lett, sidan bussen var skilta. Så får de sjå om de kjenner dykk att på denne vegen, og nokre av dykk har heilt sikkert køyrt her. Sjølv om eg ikkje er sikker, vil det ikkje overraska meg at Onnaien har køyrt her, om han har hatt eit ærend i nokre bygder i området, slik at han har brukt denne vegen som alternativ til stamvegen eit stykke. Elles treng ein drøy 1/2 time lenger på denne vegen enn på stamvegen, og kanskje litt meir enn det om ein må køyra seint lengre strekk. Her er kjettingar naudsamt på snø- og is-føre, då vintervedlikehaldet er minimalt, iallfall mellom bygda ved fjorden og vatnet lenger mot sørvest i retning kysten.

1. Det er mykje gråberg i fjella her rett innanfor kysten, som ved dette store vatnet.

Bilde

2. Det finns no nokre små grender her inne.

Bilde

3. Kveldsstemning ved eit av dei største vatna i dette fylket, men likevel godt utanfor allfarveg.

Bilde

4. Det er fint å bu inne på Eimhjella.

Bilde

5. Vel nede ved bygda ved fjorden finn me den gamle ferjelemmen inneklemt mellom husveggene. Det er ganske utruleg at det ikkje er så veldig lenge sidan at denne tronge ferjekaien var i bruk, og framleis finns det liknande ferjekaiar i bruk. Eg trur ferja gjekk 3-4 gonger for dagen, og ferjesambandet var der for å knytta denne avsides delen av kommunen mot kommunesenteret som ligg ved den omlagte stamvegen.

Bilde

6. Vegen går trongt forbi husa i denne bygda i fjordbotnen her. Her er gråvêr så absolutt normalt.

Bilde

7. Eg veit at karane tenkjer på "visse fordelar" ved synet av dette namnet. Gløym det no, for dette er altså namnet på ei lita grend i ein trong dal inneklemt mellom høge fjell.

Bilde

8. Det trongst tunnelar på den nye vegen ved denne steile fjorden, og dei fleste var lengre enn denne. Her er vegen god, men det er ingen stamvegstandard.

Bilde

9. Fin gråvêrstemning ved denne staselege og ville fjordarmen på Vestlandet. Mer at fjella er temmeleg høgreiste og steile, og bak fjella til høgre i retning havet ligg det fleire brear som er blant Norges vestlegaste brear.

Bilde

10. Ved utløpet av denne fjorden kjem ein til ei anna bygd, og her enda gamlevegen frå andre sida før vegen innover fjorden vart bygd. Rett over fjorden er det ein veglaus kai med industri, og der går det spesielle øksahogget av ein trong dal innover som heiter Skjerdalen. For å sei det slik er Norangsdalen på Sunnmøre brei i forhold, og det fortel ikkje lite.

Bilde

For nokre storbilsjåførar (sjølv om dei er få) er desse vegane og desse omgivnadane kvardagen. Dette er "milevis" frå forholda i Oslo og motorvegane rundt der. Eg berre nemner det.

Så får de finna ut kva bygder dette er og kva veg dette er, koma med riksvegnummeret, og fortel gjerne historiar i tilknyting til denne vegen, anten det er sjølvopplevd eller de har høyrt noko frå andre. Svingane på Hope kan eg garanterer ingen gløymer så lett når dei først har sett dei.
Stuttjukken
- på norske vegar -
 
Innlegg: 4821
Registrert: Fre Des 09, 2005 20:01
Bosted: Arna, Bergen.

Innlegg FH-bejben » Lør Okt 21, 2006 11:47

nydelige bilder av vårt flotte land:) takk for at du tenker på meg ang vinter, det setter jeg pris på:) det er jeg syntes også er at du er veldig flink til å få med rette og interesange poeng på motiva.. jeg bruker ofte nå, trådene du har laget for å vise svenskene hva dem kan komme bort i når dem skal begyne å kjøre norge.. det er flere som har komentert hvor bra mye av det du har fanget, stemmer.. så fortsett din gode jakt på motiver, det hjelper meg på savnet av fjell og smale veier og det hjelper meg og forberede våre ansatte på hva dem kan møte.. det fasinerer meg at du har så god geografisk kunskap, og det er kjempe spennende å lese hva du skriver.. håper foresten du syntes det er ok at jeg bruker dine tråder på den måten, og om du ikke gjør det, så må du si det til meg.. da får jeg finne på noe annet lurt..
Every cowgirl’s nightmare, every cowboys dream...

priv: 0047-90419114
Brukerens avatar
FH-bejben
Sjefsbejb
 
Innlegg: 4222
Registrert: Man Aug 14, 2006 18:22
Bosted: Der hodet treffer puta


Innlegg White Boy » Lør Okt 21, 2006 13:48

Den fjord 1 bilen var j**** fin :D
White Boy
Veteran
 
Innlegg: 1826
Registrert: Man Jun 19, 2006 21:29

Innlegg Petters » Lør Okt 21, 2006 14:12

White Boy skrev:Den fjord 1 bilen var j**** fin :D


Jeg fikk et jobbtilbud fra Fjord1 som avløser på disse bilene.

De har 3 slike biler i drift.

P.S Flotte bilder Stuttjukken :)
Roar Pettersen
Brukerens avatar
Petters
Bileier
 
Innlegg: 7381
Registrert: Tir Des 20, 2005 19:57
Bosted: Ålesund

Innlegg White Boy » Lør Okt 21, 2006 14:52

Petters skrev:
White Boy skrev:Den fjord 1 bilen var j**** fin :D


Jeg fikk et jobbtilbud fra Fjord1 som avløser på disse bilene.

De har 3 slike biler i drift.

P.S Flotte bilder Stuttjukken :)


Også valgte du å kjøre volvo :shock: hmm ikkje bra ikkje bra...hehe ;)
White Boy
Veteran
 
Innlegg: 1826
Registrert: Man Jun 19, 2006 21:29

Innlegg Stuttjukken » Lør Okt 21, 2006 21:02

........og eg som synest at Petters er ein ordentleg kar. Er han ikkje det, sidan han køyrer Volvo, då? (Stuttjukken lurar på så mykje rart, og køyrde Volvo buss i ettermiddag).

FH-beiben kan slappa heilt av. Det gjer ingenting at ho viser bileta og historiane mine der borte hjå Søta Bror. Det får ho lov til, alt ho orkar, (sjølv om eg synest det er eit mysterium at bileta mine og historiane mine er så spesielle då, for det anar eg ikkje).

Eg kunne ikkje sjå at nokon har prøvd finna ut kvar dagens biletserie er i frå. Utover det som står der, kan de koma med namnet på fjordarmen, kommunen og kommunesenteret i tillegg. Eg er sikker på at det er nokon på forumet som er kjent på denne vegen, og eg trur at Petters og Onnaien har køyrt der, og truleg nokre til.
Stuttjukken
- på norske vegar -
 
Innlegg: 4821
Registrert: Fre Des 09, 2005 20:01
Bosted: Arna, Bergen.

Innlegg topline164 » Søn Okt 22, 2006 11:45

Flotte bilder. Er virkelig den grusveien så trafikkert av trailere som bildene gir inntrykk av? Veien er jo av samme standard som den man ser på bilder fra toprun.ch av transporter til Iran og Afghanistan. Er jo ikke vanskelig å finne fortau som er like brede og som i tillegg har asfalt...
Brukerens avatar
topline164
- MODERATOR -
 
Innlegg: 2641
Registrert: Man Nov 07, 2005 22:35
Bosted: Bergen


Innlegg Stuttjukken » Søn Okt 22, 2006 12:06

Det anar eg ikkje, men det pågår ein stor opprusting av damanlegget i Aursjømagasinet for tida, så det er ein voldsom lastebil- og dumpers-trafikk der oppe i år. No tvilar eg på at trailarane på biletet har noko med dette å gjera, men dei kan no ha levert varer der borte ved demninga for alt eg veit. Dei køyrde ganske fort innover grusvegen, og var på tur mot Sunndalsøra.

Topline får ta fram kartet, så finn han nok ut av kor dei 10 andre bileta er i frå.
Stuttjukken
- på norske vegar -
 
Innlegg: 4821
Registrert: Fre Des 09, 2005 20:01
Bosted: Arna, Bergen.

Innlegg Desperado » Søn Okt 22, 2006 12:07

Veien over Torbudalen, hvor går den egentlig fra og til?
Last som ikke skal til utlandet er noe dritt...
Dagboken min: viewtopic.php?t=1410
Brukerens avatar
Desperado
Bileier
 
Innlegg: 7823
Registrert: Ons Sep 06, 2006 00:13
Bosted: BERGEN !

Innlegg topline164 » Søn Okt 22, 2006 12:15

Stuttjukken skrev:Topline får ta fram kartet, så finn han nok ut av kor dei 10 andre bileta er i frå.

Området nord for Naustdal i Sogn og Fjordane?
Brukerens avatar
topline164
- MODERATOR -
 
Innlegg: 2641
Registrert: Man Nov 07, 2005 22:35
Bosted: Bergen

Innlegg Stuttjukken » Søn Okt 22, 2006 12:39

Jobb vidare med kartet, Topline, og sjå litt lenger enn til Naustdal. De er på sporet etter noko no. Det handlar om riksvegnummeret, kvar vegstrekninga går, namnet på bygda og fjorden, namnet på kommunen og kommunesenteret i den eine enden av vegen, og gjerne noko om den nedlagde ferjestrekninga. Dette klarar de, Topline. Seinare får de ta ein tur på denne vegen, for denne vegen bør einkvar i transportbransjen på Vestlandet kjenna til.

Torbudalen er på anleggsvegen over fjellet forbi Aursjødammen, på strekninga Sunndalsøra (rv. 70) - Litledalen - Hallerslia - Osvatnet - Torbudalen - Aursjødammen - Finnsetlia - Finnset - Eikesdalen - Eikesdalsvatnet - Øverås - Eresfjord (rv. 660 mot Eidsvåg eller Åfarnes/(Åndalsnes)). Torbudalen ligg rett og slett i Sunndalsfjella sør for Sunndalsøra.
Stuttjukken
- på norske vegar -
 
Innlegg: 4821
Registrert: Fre Des 09, 2005 20:01
Bosted: Arna, Bergen.

Innlegg Stuttjukken » Søn Okt 29, 2006 23:16

Då kjem det 3 bilete til frå denne artige vegen.

Dette skiltet finn de nedanfor E 39 ved Sandane (Gloppen) i Nordfjord.

Bilde

Etter at de er ferdig med denne vegen, er de framme ved desse skilta på Storebru i Eikefjord, Flora kommune, ikkje langt frå verken Florø eller bommen for Naustdalstunnelen.

Bilde

I små bygder er dei kjende for å måtta vera rasjonelle på transportfronten. Då køyrer ein kombi, eller lastebil-buss/buss-lastebil, eller......... Denne står midt nede i Hyen, og er skilta til kommunesenteret Sandane.

Bilde

Så dette er enkelt og greitt rv. 615, Sandane - Rygg - Hestenesøyra - Hyenfjorden - Hyen (båtbedriften Brødrene Aa) - Hope - Nesholmen - Eimhjellevatnet - Solheim - Løkkebø - Storebru. Vegen er brukt som ferdsel frå inde og midtre Nordfjord til Florø. Er E 39 stengt i t.d. Jølster, må ein køyra Hyen-vegen for å koma seg mellom Førde og midtre/indre Nordfjord og Mørefylket. Er Hyenvegen stengt i tillegg, får ein køyra rv. 614 over Svelgen og ferja Isane - Stårheim over Nordfjorden. Dette er nyttig geografi å kjenna til for alle her inne. Det er nok eindel av dykk som har køyrt denne vegen, reknar eg med.
Stuttjukken
- på norske vegar -
 
Innlegg: 4821
Registrert: Fre Des 09, 2005 20:01
Bosted: Arna, Bergen.

Neste

Gå til Forskjellige bilder

Hvem er i forumet

Brukere som leser i dette forumet: Ingen registrerte brukere og 1 gjest