Årsmøte i T.I.A., la. 26. april 2008, Jessheim.

Det finnes mange ulike interesseorganisasjoner, foreninger og lag i vårt langstrakte land som har tilknytning til trafikk, trafikksikkerhet, sjåføryrket osv. I denne linken vil disse organisasjonene få egne hovedtråder hvor de kan presentere og gi informasjon om sitt arbeid, og skape et netteverk for alle som er opptatt av og har veien som sitt arbeidssted.

Moderatorer: Stig-Arne, Lysmester`n, jvsandem, DeLutte, MOOY, topline164

Årsmøte i T.I.A., la. 26. april 2008, Jessheim.

Innlegg Stuttjukken » Fre Mai 02, 2008 12:41

Så har årsmøtet i T.I.A. på Jessheim funne stad. Etter føresetnadane vart oppmøtet svært bra. Yrkessjåførar flest er ikkje på nett, og det var avgrensa kor langt T.I.A. kunne nå ut med meldinga om årsmøtet når ein brukar nettet. Likevel var det rett og gjera det slik, fordi all annan måte og formidla dette på ville ha vore meir tungvint. Då var det betre og koma i gong, for så at jungeltelegrafen bringar bodskapen om T.I.A. vidare inn i framtida.

Det møtte ein grei flokk med engasjerte yrkessjåførar, både unge og eldre sjåførar. Det vart eit vanleg årsmøte, der eit nytt T.I.A.-styre vart valdt. Fleire av styre- og vara-medlemmane er brukarar på Berglis, men felles er at det handlar om engasjerte yrkessjåførar som er klare til og ta eit tak. Me andre yrkessjåførar er no forventningsfulle til kva det nye T.I.A.-styret vil gjera, og kva tiltak T.I.A. set i verk inn i framtida. Så får me no vera tolmodige med det nye styret den første tida, men saker som den enkelte yrkessjåfør er engasjert i og oppteken av skal han/ho kunna rapportera inn til T.I.A.-styret. Luft gjerne sakene her i T.I.A.-kategorien på Berglis, for fleire av styremedlemmane ser dette her inne og kan notera seg sakene og ta dei med inn i styret. Sjølv var Stuttjukken floge på veggen på T.I.A.-årsmøtet, og fekk teke nokre bilete av dei frammøtte på utsida. Bileta vert lagt inn nedover i denne tråden etterpå.

Av Bergli-folk møtte formann, mrcrowley, panne, speed45, volcan, kentsor, forhendværende kusk, silvercrow (+ floga på veggen Stuttjukken). I tillegg var det nokre til som er brukarar på Nettby.

No er det von om at det vert fart i T.I.A. på nytt. Når Forhendværende kusk har tru på det nye styret, er det noko noko i det. Ein så engasjert (forhenverande) yrkessjåfør som han skal transportbransjen leita lenge etter. Eg må berre sei det at eg er imponert over han, rett og slett.

Notert av CB 6202.
Stuttjukken
- på norske vegar -
 
Innlegg: 4821
Registrert: Fre Des 09, 2005 20:01
Bosted: Arna, Bergen.

Innlegg Stuttjukken » Fre Mai 02, 2008 13:05

Tid for bilete.

1. T.I.A.-folka på Jessheim. Stuttjukken er bak kameraet og er ikkje med på bileta, hehe............................

Bilde

2. T.I.A.-folka på Jessheim.

Bilde

3. T.I.A.-folka på Jessheim.

Bilde

4. Kentsor i sin Brutale Brutus, Scania R620.

Bilde

5. Volcan er blid og fornøgd her.

Bilde

6. Triveleg ung langtransportsjåfør frå Nedre Buskerud, force760 på Nettby.

Bilde

7. Soppen (Nettby) frå Vestfold er ei ordentleg dame av ein yrkessjåfør som er engasjert til tusen.

Bilde

8. MC-karen mcrowley rider inn i solnedgangen. Denne oppegåande karen starta Østfold Sjåførklubb for kort tid sidan.

Bilde

9. Så har me formann vår då. Engasjert til tusen han óg, og likar det han ser skjer i T.I.A. for tida.

Bilde

10. Drog så bort på vegkroa ved E 6 på Kløfta for ein middag og vidare prat.

Bilde

11. Ved vegkroa på Kløfta.

Bilde

12. Fornøgde yrkessjåførar på vegkroa. Volcan nærast til venstre.

Bilde

13. Fornøgde yrkessjåførar på vegkroa. Speed45 nærast til høgre, som er webansvarleg i T.I.A.

Bilde

14. Diskusjonane går på vegkroa. Formann til høgre.

Bilde

15. Diskusjonane går på vegkroa. Formann i Korketrekkeren-T-skjorta si til venstre.

Bilde

16. Denne karen er ingen kven som helst for oss yrkessjåførar. Han har stått på barrikadane og i frontlinja for yrkessjåførane i mange år, og denne karen har eg stor respekt for. Dette er forhendværande kusk, og sjølv om han føretrekkjer og vera i bakgrunnen for og sleppa yngre engasjerte krefter til i dag, er han ein god rådgjevar og inspirator for både T.I.A. og alle oss yrkessjåførar. Stuttjukken bøyer seg i støvet for han.

Bilde

17. Fornøgde yrkessjåførar på vegkroa.

Bilde

18. På tur i bubilen til speed45 og maien (på Nettby) nedover E 6 på Romerike. Denne bubilen har vore arena for mykje godt webarbeid for T.I.A. den seinare tida. Merk WT-radioen i bilen. Vonleg får Stuttjukken installert tilsvarande i ombudsvøgne i løpet av sommaren. Cobra 206 skal ordna det for Cobra 102.

Bilde

19. Grei leveregel dette, for dermed får ein arbeidsro til mykje T.I.A.-arbeid. Det hender at skylappar er ein nyttig ting, når alternativet er å ikkje ha mot til og ta eit tak.

Bilde

Det var det heile i denne omgang.
Stuttjukken
- på norske vegar -
 
Innlegg: 4821
Registrert: Fre Des 09, 2005 20:01
Bosted: Arna, Bergen.

Innlegg Stuttjukken » Fre Mai 02, 2008 13:44

Då overlet eg til royalflush og silvercrow og notera styrelista i denne tråden når det høver.
Stuttjukken
- på norske vegar -
 
Innlegg: 4821
Registrert: Fre Des 09, 2005 20:01
Bosted: Arna, Bergen.

Innlegg Volcan » Lør Mai 10, 2008 20:57

Flotte bilder Stuttjukken har lagt inn her, har faktisk ikke lagt merke til dem før nå :)
Ketil Bogen CB6203
tlf 99 36 77 63
Volcans Verden
Brukerens avatar
Volcan
Langtransportsjåfør
 
Innlegg: 1150
Registrert: Fre Jan 25, 2008 23:39
Bosted: Porsgrunn

Innlegg speed45 » Man Okt 27, 2008 02:34

Sorry .. ser jo nå at jeg bruker berglitruckstopen litt for lite, har vel hatt for mye annet å pusle med.. - her er jo historiske bilder så det holder jo..!!

Har forresten nettop sittet å lest TM og dette med hatter, så jeg fant ut at nå måtte min på her også siden der er på veg til å bli mote .. ;)
Brukerens avatar
speed45
Lærling
 
Innlegg: 161
Registrert: Tir Jun 26, 2007 12:55
Bosted: Drammen



Gå til Interesseorganisasjoner & T.I.A.

Hvem er i forumet

Brukere som leser i dette forumet: Ingen registrerte brukere og 1 gjest