Medmennesker på vegen.

Dette er tråden til våre Sjåførombud, og vil inneholde egne tråder og informasjon knyttet til sjåførenes liv og virke på veien. Mer info kommer.

Moderatorer: Stig-Arne, Lysmester`n, jvsandem, DeLutte, MOOY, topline164

Medmennesker på vegen.

Innlegg Stuttjukken » Lør Jan 12, 2008 19:36

Yrkessjåførane har mange opplevingar i kvardagen sin, og somme gonger er noko av slik art at det kan verta psykisk krevjande å gå på arbeid for å køyra. Fasaden kan vera tøff utatt, men det biletet treng ikkje vera rett. Misforstå meg rett, for mange av yrkessjåførane har det både bra og sutalaust på arbeid, og heldigvis har dei fleste det slik. Så er det enkelte sjåførar som har noko å slita med, og ingen er der for dei. Denne diskusjonen bør ein etterkvart ta, for det er på høg tid at det skjer noko her. Pressa arbeidsituasjon og dårlegare arbeidsforhold gjer at fleire sjåførar enn før får noko å slita med. Det er heilt tilfeldig kven som vert ramma av dette, og sjølv har eg opplevd litt av kvart på dette området, både for meg sjølv, og eg har reagert når andre har opplevd noko tungt i arbeidet og livssituasjonen. Eg kan ikkje koma med konkrete døme her pga. integriteten min, men eg har sett eindel situasjonar der sjåførar har mangla eit medmenneske å støtta seg til, ja.

Helsing Stuttjukken.
Stuttjukken
- på norske vegar -
 
Innlegg: 4821
Registrert: Fre Des 09, 2005 20:01
Bosted: Arna, Bergen.

Gå til Yrkessjåførombudet, medmennesker på vegen

Hvem er i forumet

Brukere som leser i dette forumet: Ingen registrerte brukere og 1 gjest