Mobbing blant yrkessjåførar.

Dette er tråden til våre Sjåførombud, og vil inneholde egne tråder og informasjon knyttet til sjåførenes liv og virke på veien. Mer info kommer.

Moderatorer: Stig-Arne, Lysmester`n, jvsandem, DeLutte, MOOY, topline164

Mobbing blant yrkessjåførar.

Innlegg Stuttjukken » Lør Jan 12, 2008 19:39

Kanskje trådtittelen er litt uheldig, for hensikten er ikkje å skriva noko direkte om mobbing blant yrkessjåførar. Eg veit at det er eindel yrkessjåførar som vert mobba og baktalt over ein låg sko, dessverre. Det er mykje prestisje i sjåførbransjen, og ein prøver ofte så godt ein kan å oppretthalda ein fasade som tøff og usårleg, men det er det få som er når det ber til stykket. Eg kjenner til ovanfrå-og-ned-haldninga som eindel verdsmeistar-sjåførar i eigne auge har overfor kollegaer på arbeidsplassen som ikkje køyrer like fort som andre. Då kunne ein tru at det berre er å gå til tillitsmannen for foreininga ein er medlem av, men det kjem jo akkurat på kva saka handlar om. Det hender at sjåføren treng ein annan person som kan stilla som medmenneske i slike høve. Eg kan garantera at den sjåføren som kjenner seg mobba på ein slik vondsinna måte ikkje ville ha gått til tillitsmannen med det, og tillitsmannen har heller ikkje tiltak for alle ting heller. Problemet er at dei fleste ikkje får møta slike medmenneske, fordi dei rett og slett ikkje eksisterar. Det har alltid vore slik at sjåføren har halde slikt for seg sjølv og har prøvd å klara seg som best han kan, for det har alltid vore ein uting for sjåførar og snakka om slike ting med andre. Skal det framleis vera slik, eller er tida moden for at det kjem i gong eit apparat med medmennesker som sjåførane kan ty til når det trengs. Eg meinar at det har vore behov for dette i årevis, og avskalinga av sjåførar frå bransjen tyder på at dette burde ha vore på plass for lenge sidan. No er det ikkje slik, så då får me stikka fingeren i jorda i dag og ta det derifrå. Det er på tide at det vert gjort noko her. Eg er kanskje rett på sak her, men så har eg tenkt over desse tinga det siste året. Opplevingar det siste året har gjort at eg trakk fram att dette, for eg har følt at dette kan mange gjera mange tusen gonger betre enn meg. Så er det ingen som tek tak i dette. Sånn er stoda.

Eg er godt kjent med at det føregår ein god del mobbing blant yrkessjåførar. Når det er snakk om vaksne folk handlar det ikkje om slåssing og vold. Det handlar om baksnakking, ryktespreiing, nedvurdering, verdsmeistarmentalitet, usynleggjering, m.m. Så er det mykje prestisje blant yrkessjåførar, og det legg press på andre sjåførar. Vel, det er jo mobbing i alle typar samfunns- og nærings-liv, men det er ekstra alvorleg når det skjer mobbing blant yrkessjåførar. Dei har jo eit kolossalt ansvar, og litt psykisk ubalanse forårsaka av mobbing hjå ein yrkessjåfør, kan skapa store konsekvensar. Ein storbilulukke får som kjent ofte døden til følgje. Det er oftast slik at ulukkene skjer fordi småbilen kom over i motgåande køyrefelt. Ein yrkessjåfør som er oppegåande og offensiv kan reagera raskt for å unngå ulukke. Sett om yrkessjåføren som vert ramma av bilen i motsett køyrefelt var hardt ramma psykisk av mobbing. Eg er overbevist om at situasjonen forlengjer reaksjonstida til yrkessjåføren, og det kan vera medverkande til at det skil seg mellom liv og død.

Helsing Stuttjukken.
Stuttjukken
- på norske vegar -
 
Innlegg: 4821
Registrert: Fre Des 09, 2005 20:01
Bosted: Arna, Bergen.

Innlegg Los Gigantes » Tir Feb 05, 2008 00:42

Det er nok mer mobbing enn det vi er klar over. Å være sjåfør innebærer ett stort ansvar. Det er dessverre mange nedlatende holdninger til dette yrket, men det er bare vi som kan gjøre noe med det. Når jeg får spørsmål om hva jeg jobber med, svarer jeg med stolthet at jeg er "trailersjåfør". For jeg er stolt!! Det er ett yrke jeg ikke kunne være foruten. Når det gjelder mobbing på arbeidsplassen så er det nok langt igjen. Det finnes mange verdensmestre her og. Vi må ikke glemme at vi har alle vært ferske en gang. Tenk så moro det egentlig er å lære bort de kunnskaper vi sitter inne med. Det er ikke like lett for alle, å spørre om hjelp til noe som vi ser på som en selvfølge. Og når det gjelder jenter i dette yrket, de er ikke bare "sexobjekter". Synes dere er tøffe jeg, det er ikke bare gutter som kler en stor bil.
Los Gigantes
Distribusjonssjåfør
 
Innlegg: 468
Registrert: Lør Jan 05, 2008 16:14


Gå til Yrkessjåførombudet, medmennesker på vegen

Hvem er i forumet

Brukere som leser i dette forumet: Ingen registrerte brukere og 1 gjest