Inspirasjon frå andre.

Dette er tråden til våre Sjåførombud, og vil inneholde egne tråder og informasjon knyttet til sjåførenes liv og virke på veien. Mer info kommer.

Moderatorer: Stig-Arne, Lysmester`n, jvsandem, DeLutte, MOOY, topline164

Inspirasjon frå andre.

Innlegg Stuttjukken » Lør Jan 12, 2008 19:50

Norge er nok ikkje svaret på ei perfekt verd. Ein av passasjerane på bussen ein dag sa at ho hadde vore på tur til Ghana (tidlegare Gullkysten) i Vest-Afrika i jula. At det er varmt i vêret der er ein ting. Det ho fortalde var at folket der var så opne, inkluderande og brydde seg om andre i sine omgivnader, ikkje berre med kjende, men og overfor framande. Der helste ghanesarane på alle dei traff på, sjølv om dei aldri hadde sett vedkomande før. Så var dei svært spandable og hjelpsame overfor folk som dei møtte. Nordmenn er rekna som nærmast sjofle og arrogante samanlikna med ghanesarar var konklusjonen.

Dette må vera medmennesker i ein ny betydning, mykje nærare opptil det perfekte medmenneske. Dette fortalde ein passasjer til meg ein dag. Eit flott døme som er kjekt å bringa vidare her inne. Tross kulturskilnader, så er det mykje å læra av det eg vart fortald den dagen.

Helsing Stuttjukken.
Stuttjukken
- på norske vegar -
 
Innlegg: 4821
Registrert: Fre Des 09, 2005 20:01
Bosted: Arna, Bergen.

Gå til Yrkessjåførombudet, medmennesker på vegen

Hvem er i forumet

Brukere som leser i dette forumet: Ingen registrerte brukere og 1 gjest