Sjåførklubbane og T.I.A. viktige for sjåførane.

Dette er tråden til våre Sjåførombud, og vil inneholde egne tråder og informasjon knyttet til sjåførenes liv og virke på veien. Mer info kommer.

Moderatorer: Stig-Arne, Lysmester`n, jvsandem, DeLutte, MOOY, topline164

Sjåførklubbane og T.I.A. viktige for sjåførane.

Innlegg Stuttjukken » Lør Jan 12, 2008 19:53

Sjåførklubbane har byrja å koma i delar av landet. Dette skal fungera som eit sosialt tiltak for storbilsjåførane, der det óg skal verta teke opp tema for å oppdatera seg og læra nytt. Harstad Sjåførklubb og Korketrekkeren Sjåførklubb (Grenland/Nedre Vestfold) har kome langt i prosessen. I Bergen Sjåførklubb har dei langt fram til dei andre, men det har vore møte om køyre- og kvile-tid. Noko av det viktigaste er å utvikla eit sterkare sosialt nettverk mellom sjåførane i definerte geografiske område, der ein skal byggja betre og meir inkluderande miljø mellom sjåførane. Få ting verkar betre enn at sjåførane opplever det kollegiale mellom sjåførane som venskap i ein eller annan grad. Mykje oppbacking av sjåførane kan skje gjennom Sjåførklubbane, og det er svært viktig. Det er verd eksistensen av sjåførklubbane åleine, det.

Så rører det seg på T.I.A.-fronten óg, eit fora med mange nyttige og ivaretakande funksjonar mellom sjåførane i inn- og ut-land. T.I.A. betyr Truckers International Association. Eldsjeler er i gong med å få liv i T.I.A. for tida. Det er mykje betydningsfullt på gang som dreg i rett retning for tida. Trolle-nettverket har vore i eindel år no, og er der for storbilsjåførane som opplever ulukker. Det er kanskje det mest betydningsfulle enkelttiltaket som er sett i verk for sjåførane gjennom tidene. Når sjåførklubbane kjem i stand og T.I.A. er oppegåande att, vert det endå betre.

Helsing Stuttjukken.
Stuttjukken
- på norske vegar -
 
Innlegg: 4821
Registrert: Fre Des 09, 2005 20:01
Bosted: Arna, Bergen.

Gå til Yrkessjåførombudet, medmennesker på vegen

Hvem er i forumet

Brukere som leser i dette forumet: Ingen registrerte brukere og 1 gjest