Korleis bør Yrkessjåførombudet fungera i praksis?

Dette er tråden til våre Sjåførombud, og vil inneholde egne tråder og informasjon knyttet til sjåførenes liv og virke på veien. Mer info kommer.

Moderatorer: Stig-Arne, Lysmester`n, jvsandem, DeLutte, MOOY, topline164

Korleis bør Yrkessjåførombudet fungera i praksis?

Innlegg Stuttjukken » Lør Jan 12, 2008 19:59

Korleis bør ein arbeidet i prosjektet Yrkessjåførombudet, og kva mål bør me setja oss på kortare og lengre sikt?

Det viktigaste er å vera medmenneske.

Samarbeid med ulike aktørar for sjåførane er svært viktig, først og framst Sjåførklubbane, T.I.A., Trolle-nettverket, Sjømannskyrkja (langtransportsjåførar på utlandet), fagforeiningane, aktørar på ulike fagfelt, m.m.

Ta diskusjonen for å finna ut kva med er svake på som medmenneske, og på ein eller annan måte trena oss opp i og verta utrusta til å fungera som medmenneske. Det er alt anna enn enkelt. Eg ser for meg at det vert mykje prøving og feiling, men spør de meg er det betre det slik at ein gjer noko, enn at ingen tek tak i desse tinga. Den viktigaste eigenskapen er at ein verkeleg KAN LYTTA. (Me skal ikkje berre kunna køyra storbil, for å sei det slik).

Det skal utviklast eit nettverk, der me samlar kreftene av eldsjelene blant sjåførane. På sikt bør det verta ein viss grad av organisering i dette, med styre og det som følgjer med.

Det som kan gjerast meir lokalt, gjer ein lokalt, utført av Sjåførklubbmedlemmar som er med i nettverket.

Med tida trengs noko arbeid gjerast eksternt, ved at 1-2-3 er ute på heiltid og møter sjåførar landet over og i utlandet. Det er svært langt fram til ein er på det nivået, for då handlar det om arbeid som skal utførast av personar med full løn og dekkjing av driftsutgifter (reise, kost, administrasjon, m.m.). Likevel anar det meg at dette trengs på sikt, og dette vert eit langsiktig mål for tiltak. Dette krev ein god del midlar, og difor er dette langt fram.

Før den tid ligg det mykje dugnadsarbeid føre, og eg synest at det er rett å starta prosjektet på dugnad. Det er på den måten ein kan få fram eldsjelene og ressurspersonane som trengs i nettverket. Einkvar kan gjera mykje for pengar, men det er dei som brenn for saka utan å forventa godtgjerdsle som kan gjera det beste arbeidet.

Yrkessjåføren sin kvardag er på norske vegar. Difor ligg biletdokumentar-prosjektet mitt frå norske vegar inne på Yrkessjåførombudet sitt område som eit nyttig verktøy. Det må vera folk i nettverket Yrkessjåførombudet som har vore over det aller meste på norske vegar. Det er fordi vedkomande skal kunna sjå for seg vegstandarden og geografien i det aktuelle området, når nokon kontaktar Yrkessjåførombudet frå alle kantar av landet. Vedkomande treng ha oversikt over norske vegar, anten det handlar om Oslo, indre Sørlandet, Vossedistriktet, Romsdalen, Valdres, Trysil/Engerdal, Namdalen, Fosen, Saltfjellet, Rødøy, Steigen, Vest-Lofoten, Midtre Troms, Sennalandet eller Varangerhalvøya, for å koma med eit knippe område frå heile landet. For å sei det slik. Eg vonar eg ein god dag finn ein person til med ein grundig og usliteleg kjennskap til det norske vegnettet i heile landet, og som har vore i bortimot einkvar krok her til lands. Ei kjennskap til rådande vêr- og føre-forhold overalt i heile landet bør vedkomande óg ha, slik at han/ho kjenner til ein god del av vêr- og føre-geografien i mest mogleg av heile landet, og vera i stand til å kunna ha ei formeining om føre-forholda på visse stader/strekningar, og i tillegg vita kvifor ut frå vêrmeldingar og den lokale topografien. Med den lokale topografien handlar det om å ha ei viss oversikt over landskapet rundt vegstrekningane landet over, med tanke på å vera klar over kor det er t.d. rasfare hen. Tenkt døme: Får vedkomande ei melding frå ein sjåfør som køyrer t.d. rv. 91 Tromsø - Breivikeidet - Svensby - Lyngseidet - Olderdalen (2 ferjer), skal ein ut frå geografiske opplysningar raskt vera klar over at vegen er rasfarleg og kvifor. Sett at ein vert kontakta av ein brøytebilsjåfør i Kjosen (Svensby - Lyngseidet, i kløfta i hjartet av Lyngsalpane), skal vedkomande Yrkessjåførombud sjå for seg dette, fordi vedkomande skal ha vore der tidlegare. Brøytebilsjåføren kan vera under press, og vêrforholda kan vera overhengjande kritiske med stor rasfare. Slike ting kan i gitte tilfelle vera ein for stor psykisk påkjenning, sjølv om sjåføren normalt er vant til litt av kvart. Sjåførar landet over skal kunna vera trygge for at dei kan finna folk innanfor Yrkessjåførombudet som har den naudsame og grundige kjennskapen til norske vegar og norgesgeografien. Her treng eg ein person til, men det er ikkje lett å finna folk med slik innsikt landet over. Det må vera ein som reiser mykje i heile landet, også i utkantane, og som har lagt det norske vegnettet, topografien (landskapet), vêrforståinga og ein god porsjon sunn fornuft på minne. I tillegg skal vedkomande kunna køyra storbil, og vita/forstå korleis det kan vera å køyra storbil på nestan alle vegstrekningar i heile landet.

Uansett, arbeidet med å nå i det minste nokre av måla og delvis dei andre måla er i gong. No handlar det om dugnadsinnsats i lang tid framover. Ikkje vert det heilt gratis for dei involverte heller, og eg tenkjer på utgifter til nettilgang og telefon i første omgang, og andre typar utgifter kjem sidan når det er komen litt kjøt på beina på nettverket.

Ein viktig konkret funksjon som bør koma på sikt, anten det er dugnadsbasert eller med økonomiske rammer, er at Yrkessjåførombudet skal møta sjåførane der dei er. Til slutt bør Yrkessjåførombudet møta sjåførane i heile landet frå nord til sør. Det handlar om å treffa sjåførane der dei er; i lastebilen, på vegkroene og ferjene, under lasting og lossing, m.m. Det kjem nok på tale å få ordna til enkle signalement, slik at sjåførane forstår at det er Yrkessjåførombudet dei møter. Det går lang tid (årevis) før sjåførane får kjennskap til Yrkessjåførombudet, men der er målet at Yrkessjåførombudet skal verta ein like godt kjent blant sjåførane som Trolle-nettverket er i dag, Dessutan skal sjåførane vita kva Yrkessjåførombudet er for noko, kva Yrkessjåførombudet gjer, og kva nytte sjåførane har av Yrkessjåførombudet. Sjåførane skal på sikt vita kva spørsmål og tema som er aktuelle å koma til Yrkessjåførombudet med.

Framfor oss står arbeidet med å trekkja saman nettverket, og få ut informasjon. Informasjon om dette kan det nok ikkje verta for mykje av. Der er det mykje arbeid å gjera. Pr. i dag er det berre nokre få sjåførar som veit kva Yrkessjåførombudet er for noko.

Funksjonen denne hovudtråden har i prosjektet er å vera eit verktøy, der det kjem inn synspunkt og diskusjonar. Så fungerer dette som eit verktøy for å presentera prosjektet og seinare nettverket. Det er det som skal skje ute blant sjåførane i felten som er det viktigaste på sikt. Det handlar om å møta sjåførane i deira kvardag.

Då dreg me her inne lasset saman.

Helsing Stuttjukken.
Stuttjukken
- på norske vegar -
 
Innlegg: 4821
Registrert: Fre Des 09, 2005 20:01
Bosted: Arna, Bergen.

Gå til Yrkessjåførombudet, medmennesker på vegen

Hvem er i forumet

Brukere som leser i dette forumet: Ingen registrerte brukere og 1 gjest