viewtopic_print
Side 1 av 1

Korleis møta verdsmeistar-mentaliteten.

InnleggSkrevet: Lør Jan 12, 2008 20:12
Stuttjukken
Få ting går ut over mange sjåførar enn nettopp verdsmeistar-mentaliteten. Kva er så ein "verdsmeistar"? Det er ein som føler seg svært dyktig i arbeidet sitt, og for sjåførane handlar det om å køyra fort, gjerne rasa avgarde på glatten med dødsforakt. Jaudå, dei finns, dessverre. Så lenge verdsmeistarane ikkje har innflytelse i ein bedrift er dei negative verknadane beskjedne. Somme stader er det nok av dei, og i verste fall set verdmeistarane standarden for kor dyktige sjåførar må vera for å vera gode nok for den aktuelle bedriften. Dette verkar nedbrytande på sjåførar som vert utsett for utidig prestasjonspress. Eg er klar over at eindel sjåførar har slutta pga. at verdsmeistarane har sett standarden i bedriftene, og fleire vert det som presset på bransjen berre aukar. I dag er det slik at sjåførar som vert pressa for hardt med tanke på arbeidstempo og køyredyktigheit ikkje har noko anna å gjera enn å slutta eller skifta arbeidsplass. Skifte av arbeidsplass er heller ikkje enkelt, fordi sjåførar som vert skvist ut av jobben på denne måten får slett ikkje noko god omtale frå førre arbeidsgjevar når han/ho skal ha seg nytt arbeid. Sjåførmangelen kan vera så stor den berre vil, men sjåførar som vert skvist har vanskeleg for å finna nytt arbeid uansett. Det er endeleg dei som meinar at desse skiste sjåførane burde forlata yrket uansett, men eg veit at ein god del av dei slett ikkje er dårlege sjåførar. Det handlar faktisk om gode sjåførar, men som ikkje fekk utvikla seg positivt pga. det psykiske presset. Fellestrekket er at desse sjåførane gjerne ikkje har så stor sjølvtillit, og då vil feile kollegaer, sjefar og andre arbeidsforhold øydeleggja arbeidsinnsatsen til desse sjåførane, og til slutt gjev dei opp og sluttar. Under gode tilhøve som høver for sjåføren, og kollegaer og sjefar som har tru på sjåføren og backar opp sjåførane sine, vert også desse gode sjåførar, kanskje svært gode om dei får utvikla seg optimalt. Då er faktisk den manglande sjølvtilliten ein god ting, fordi slike sjåførar kjem ikkje til å føla seg dyktige på noko tidspunkt, og vil alltid vera opptekne av å læra meir og verta betre som sjåførar så lenge dei er i arbeid som sjåførar. Slike sjåførar leverer både god kvalitet og service i arbeidet sitt når dei har fått utvikla seg positivt over tid. Felles for desse sjåførane er at dei opplevest enkle, tafatte og forsiktige i lang tid frå starten av arbeids-karrieren, og dei utmerkar seg ikkje som gode sjåførar før det har gått ei god stund, som regel nokre år. Dei brukar lengre tid enn andre sjåførar ei god stund, køyrer forsiktigare på glatten, tek sikkerheita på alvor med kjettingbruk, m.m. Her kan kollegaer i bedriften vera så vondsinna at dei går til leiinga og snakkar om kor seint ein sjåfør køyrer, kor dårleg han køyrer, m.m. Eg kjenner til kollegaer som har laga til lange lister med avvik på sjåførar, for så å gå til sjefen med dette. Så fører sjefen prosessen vidare med seg sjølv i bresjen. Dermed vert sjåføren dolka i ryggen. Utfrysing av sjåførar kallar eg slikt. Det er ikkje grenser for kva skuldingar leiinga kjem med i slike høve. Også eg har opplevd slikt, og eg skifta stasjoneringsstad for godt. Eg opplevde å verta skulda for å ikkje leggja på kjettingar når eg skulle, og for å bruka kjettingar når eg ikkje burde. Eg var fersk på dette med kjettingbruk, og det betyr at det tok lang tid for meg å leggja kjettingane på, og eg fekk det ikkje alltid til heller i starten. Trur de det vart akseptert på den arbeidsplassen. Nei, det vart derimot slått hardt ned på, og eg merkar kjenslene etter dette framleis når eg tenkjer på det. I dag har eg det slik at eg risikerar at alt stokkar seg for meg, dersom eg vert nøydd til å leggja på kjettingar. Det er ikkje fordi eg ikkje klarar det, for det fekk eg god trening i den gongen. Det er nok sjølvtilliten som er fråverande på dette med kjettingpåleggjing, og då kan mine tidlegare opplevingar få det til å skjera seg totalt. Dessutan er det lenge sidan sist, så gamle ferdigheitar på dette området treng nok noko tid for å koma fram i slike tilfelle. Eg kan godt vera litt spent på å gå på skiftet når det er snø og is i vegen, men av ein eller annan grunn fell eg til ro når eg har lagt meg på hjul utpå vinterføre. Nei, eg kan ikkje forklara korleis det har seg at eg roar meg heilt ned, men det er eingong slik det er. Det skal vera svært glatt før eg kjenner presset.

Eg kunne ikkje køyra buss ein gong høyrde eg rykt om i ettertid, og eg skal sei det er "moro" å høyra det når ein har køyrt buss i eindel år. Dessutan var eg ein sikkerheitsrisiko vart det påstått, og då sa eg til ein lærar som eg skulle køyra klassen sin til at eg ikkje burde køyra klassen fordi eg var ein sikkerheitsrisiko, noko læraren meinte var tull, fordi hp visste at elevane var trygge i bussen min. Eg vart både midlertidig permitert, fekk advarslar og måtte kopla inn foreininga eg er organisert i. Mobbing med etterfølgjande refs kan ein kalla slikt. Eg kan garantera at slike opplevingar gjer noko med deg som sjåfør, og eg vart aldri den same sjåføren att etter dette, og eg er i dag forundra over at eg i det heile teke køyrer buss. Eg tilkalla ein av dei eg rekna som dei gode kollegaene mine og fortalde om ting eg opplevde frå sjefen, då eg vart dolka i ryggen. Det hjelpte å avreagera der og då, og difor gav eg ikkje opp arbeidet mitt. Kort tid etter skifta eg stasjoneringsstad, og eg vart møtt med både velvilje og respekt, og der er dei framleis fornøgd med innsatsen min og respekterer meg. Sidan har eg ikkje vist meg på arbeidsplassen der eg opplevde dolkinga i ryggen. Dette var min historie. Eg er langt frå åleine om slike opplevingar. Det er eindel sjåførar som har opplevd liknande nedbrytande ting. Mine opplevingar med dette er grunnen til at eg byrja med prosjektet mitt, og som er bakgrunnen for denne hovudtråden.

Her kan de fortelja korleis de meinar at verdsmeistar-mentaliteten skal møtast, og korleis sjåførar som vert utsett for dette og pressa og skvist skal kunna støttast. Hensikten med prosjektet er å få fram ein funksjon der medmennesker er disponible for sjåførar som opplever slike vanskar, slik at dei får snakka ut. Den viktigaste funksjonen er å vera der og lytta til sjåføren. Deretter kjem oppbackinga inn i biletet. Tenk om dette kunne ha vorte noko av, slik at det vert til hjelp for sjåførar som treng det. Eg veit korleis det opplevest at dette var noko som mangla.

Vonar at det kjem synspunkt på føremålet med tråden. Dette er óg min historie.

Helsing Stuttjukken.

InnleggSkrevet: Ons Feb 06, 2008 11:34
Stuttjukken
Supplerar her.

Eg kikka attende på tråden, og ser at ein detalj ikkje kom med i det første innlegget mitt i starten av tråden. Det handlar om kjettingbruk. Eg var fersk på dette med kjettingbruk, og det betyr at det tok lang tid for meg å leggja kjettingane på, og eg fekk det ikkje alltid til heller i starten. Trur de det vart akseptert på den arbeidsplassen. Nei, det vart derimot slått hardt ned på, og eg merkar kjenslene etter dette framleis når eg tenkjer på det. I dag har eg det slik at eg risikerar at alt stokkar seg for meg, dersom eg vert nøydd til å leggja på kjettingar. Det er ikkje fordi eg ikkje klarar det, for det fekk eg god trening i den gongen. Det er nok sjølvtilliten som er fråverande på dette med kjettingpåleggjing, og då kan mine tidlegare opplevingar få det til å skjera seg totalt. Dessutan er det lenge sidan sist, så gamle ferdigheitar på dette området treng nok noko tid for å koma fram i slike tilfelle. Eg kan godt vera litt spent på å gå på skiftet når det er snø og is i vegen, men av ein eller annan grunn fell eg til ro når eg har lagt meg på hjul utpå vinterføre. Nei, eg kan ikkje forklara korleis det har seg at eg roar meg heilt ned, men det er eingong slik det er. Det skal vera svært glatt før eg kjenner presset.

Så lenge ein verdsmeistar er på høgda har ikkje vedkomande bruk for støtte i det heile teke. Når dei er på høgda kjenner dei seg usårlege og skryter av seg sjølv. Då er det somme av kollegaene som dette uvesenet går ut over som treng støtte.

Eg kjenner til sjåførar som skrytte av kor meisterleg gjort dei henta seg inn att etter å ha sust ned ein bratt og stygg bakke i stor fart på glatten utan kjettingar, som om dei skulle ha vore godt trente til dette. Sjåførane rundt haussar opp stemninga så klart, og slike ting var dei stolte av på den arbeidsplassen. Dette galdt såpass mange av sjåførane på den arbeidsplassen at verdsmeistarane sette standarden for korleis sjåførane skulle vera der. Eg syntest det var tøvete, og brydde meg ikkje om det. Sjølv sklei eg ut i same bakken, dessverre utan kjettingar den gongen. Temperaturen steig svært raskt rett før eg køyrde seint ned og sklei inn i ein murkant, og eg hadde ikkje merka kor ille det var før då, for føret var ok like før. Farten var svært låg i utgangspunktet, så det var liten fare for store skadar. Eg hadde gjeve beskjed om kor glatt det var der, og likevel kom den neste verdsmeistaren og køyrde utan kjettingar. Gjett om eg fekk pepper og meir til for denne hendinga. Nedanfor murkanten var det eit stykke fritt fall og fleire hus nedanfor det. Trur de ikkje at sjefen for avdelinga presterte å kalla dette tidenes største nestan-ulukke med buss i avdelinga sitt ruteområde. Jau, det var nettopp det han gjorde, og dette er ein type som eg veit stillar seg bak verdsmeistarane. Eg hadde hatt ei kjensle av ei stund at dei ville verta kvitt meg, og berre venta på å ha nok på meg til å gjera det. Den vonde behandlinga eg gjennomgjekk der har gjort mykje med meg som menneske og som sjåfør. Sjølv den dag i dag gjer det vondt å tenkja på det. Dei siste åra har eg vore på ein avdeling som set pris på arbeidsinnsatsen min, ut frå evnene mine. Dei har ikkje forlangt noko meir, så der fungerer eg som eg skal som ein bussjåfør.

På omtalte avdeling ryktest det om sjåførar som aldri la på kjetting, fordi dei køyrde så fort på glatten at det ikkje slapp, hmmm................................., så kan den enkelte tenkja sjølv om den saka. Treng eg nemna at bussen som skulle køyra neste avgang på ruta då eg sklei ut ikkje hadde kjettingar på han heller. Trur de han fekk påpakning for det? Dei, de veit korleis det er i "dei beste familiar", for å sei det slik. På den avdelinga sytte dei for å verna om sine eigne "gode sjåførar", må vita.

Den dagen verdsmeistrane står i beita og treng hjelp av Yrkessjåførombudet er eit godt teikn for sjåførane dette gjeld. Så lenge dei kjenner seg på topp som verdsmeistarar kjem dei ikkje til oss uansett. Først når dei opplever "ei ripe i lakken" og vert ille berørt av dette, dunstar verdsmeistarmentaliteten fort av dei. Då byrjar dei å forstå at dei ikkje er perfekte. Difor vert ikkje dette noko problem, fordi verdsmeistarkjensla er borte før dei møter Yrkessjåførombudet. Noko anna er heilt naturstridig, og då er det stor sjanse for at det er eit spel for galleriet. Dette merkar ein nok i dei fleste tilfelle. Alle sjåførar i vanskar har krav på støtte hjå Yrkessjåførombudet, sjølv om nokon inntil nyleg såg på seg sjølv som verdsmeistarar. Det kan skje at enkelte i Yrkessjåførombudet kan vera for tett innpå ein sjåfør som treng støtte. Skulle eg verta kontakta av ein som eg ikkje kan støtta pga. integritet, tek ein av oss andre seg av den aktuelle sjåføren. Det er nok ein grunn til at eg ikkje kan vera Yrkessjåførombud åleine, og etterkvart vert me ei gruppe spreidd utover vonleg heile landet. Difor fryktar eg ikkje for den problemsstillinga.

Så har tida gått, og eg kom meg såpass til hektene at eg fekk syn for desse tankane som har resultert i dette prosjektet. Så kjende eg meg klar til å gå i gong med det no nyleg, og då vart det slik. Eg er ikkje den einaste sjåføren som har hatt og har det tøft i arbeidssituasjonen sin og trong støtte. At andre sjåførar tok kontakt og fortalde sin historie var utslagsgjevande for at eg byrja å realisera dette prosjektet.

Like greit å få det ut, trur eg. Nei, noko verdsmeistarkjensle har eg aldri hatt for min del. Eg trur ikkje at eg treng det.