Baktaling/sladder/mobbing på arbeidsplassen.

Dette er tråden til våre Sjåførombud, og vil inneholde egne tråder og informasjon knyttet til sjåførenes liv og virke på veien. Mer info kommer.

Moderatorer: Stig-Arne, Lysmester`n, jvsandem, DeLutte, MOOY, topline164

Baktaling/sladder/mobbing på arbeidsplassen.

Innlegg Stuttjukken » Lør Jan 12, 2008 20:16

Eigentleg synest eg tette temaet er like frykteleg kvar gong eg tenkjer på det, så mykje vondt som eg har opplevd sjølv på dette området, og kor mykje synd eg har tykt i andre som har vorte utsett for dette. Det går like mykje innpå meg at eg er vitne til at andre kollegaer vert utsett for dette (baktaling/sladder/mobbing), som når eg opplever dette sjølv.

Her er ein link eg fann for litt sidan frå NRK. Dette er frå undervisningsbransjen, men det er like aktuelt stoff for oss sjåførar.

http://www.nrk.no/nyheter/distrikt/rogaland/1.4449982 .

Her er me inne i saka si kjerne for Yrkessjåførombudet sitt ansvarsområde, når me kjem så langt.

Eg har eit døme frå avdelinga der eg køyrer buss. Eg har vorte kamerat med ein triveleg ung kar litt lenger inne i fjorden. Hans største draum var å få køyra buss og få verta bussjåfør. Eg vart kjent med han for 3-4 år sidan, og han fortalte meg kva han ynskte å gjera, nemleg å køyra buss. Han hadde søkt på jobb gong på gong, utan å lukkast. Det var ikkje det at busselskapet ikkje hadde bruk for sjåførar, men dei ville ikkje ha han. Eg merka snart at denne unge karen var vorten teken feil av, og fekk tru på og ei kjensle av at han dugde til å verta bussjåfør. Eg syntest at det var trist at eg ikkje kunne hjelpa han med dette, for kva skulle eg i såfall ha gjort når eg var klar over at selskapet ikkje ville ha han. Åra gjekk, men eg hadde øyrene med meg når det galdt den unge karen. De kan trygt sei at eg høyrde mykje rart om han, men eg fekk det berre ikkje til å stemma. Etter som tida gjekk vart eg berre meir og meir overbevist om at eg hadde rett i min oppfatning av han, og at andre hadde teke feil av han. Eg prøvde å oppmuntra han litt innimellom desse åra, men det at eg ikkje kunne gjera noko som heldt med dette frustrerte eg óg. Eg har sjølv slite med å få meg sjåførjobb ein gong i tida, og har ikkje gløymt frustrasjonen eg opplevde den gongen. Sjølv om eg ikkje kunne gjera noko, følgde eg med. Så kom tida då selskapet gjekk gjennom ein fusjonsprosess, og eg oppmoda han til å søkja på nytt, fordi eg vona at det no var heilt andre folk som fekk han inn til vurdering. Dette er rundt 1 år sidan, og selskapet var allereie ramma av sjåførmangelen. Eg følgde framleis med, men gjekk stille i dørane. Eg stilte generelle spørsmål på om selskapet hadde fått nye sjåførar og kva folk som hadde søkt, (kva folk, ikkje kven folk). Den unge karen brukte å vera med bussen min på skifta innimellom, så me fekk endeleg prata med kvarandre no og då. Han møtte opp med søknad i den nye administrasjonen, og litt etter fekk han tilbod om å gå på kurs før han skulle byrja og køyra. Endeleg hadde han vorten tilbydd jobb, men selskapet hadde vore så uprofessjonelle at dei ikkje hadde fortalt kor hen kurset skulle vera, og eg visste at det var svært viktig at han var ute i god tid sidan det handla om å byrja i arbeid. Eg køyrde helga før han skulle byrja på kurset, og vart rysta av at det ikkje var opplyst om kor han skulle møta, og me kunne ikkje venta til måndagen med å finna det ut. Då eg stod litt på Nygårdstangen (Bergen Truckstop) lot eg han ta kontakt med sjåførar i andre bussar som stod på plassen. Etter nokre forsøk var det nokon som kunne fortelja han adressa, og kvar dette var hen (i nærleiken av Brann Stadion viste det seg). Den som var møtt først fram der på første kursdagen, det var han, og han stod ute i snøvêret i over 1 time, men han VAR DER. Berre DET synest eg fortel mykje positivt om han, og dette var i tråd med min oppfatning av han.

Så kom tida då han skulle byrja å køyra. Eg kan tenkja meg at det var eindel av dei som hadde sagt nei til han før, som måtte sluka mange kamelar då dei fekk vita at han var vorten tilsett som bussjåfør. Ryktene tok ikkje slutt og held fram utover våren, men no som han var tilsett hjå oss valde eg å forsvara han når andre snakka om han, eller la vera å kommentera andre gonger. Eg trur knapt at eg har sett at nokon har vore så lukkelege over å byrja som bussjåfør som han var, og eg vart skikkeleg rørt og glad sjølv då eg byrja å sjå han på vegen med bussen. Alle ferske sjåførar treng tid til prøving og feiling den første tida på 2-3 år, og eg visste at han kom til å gå i gjennom prosessen. I dag er han i ferd med å verta ein dyktig sjåfør, og eg er ikkje det minste skeptisk i å vera passasjer når han køyrer, og det såg eg at eg ikkje trong vera heller heilt frå starten av. Han køyrer stadig meir komfortabelt óg no. Ikkje skyr han utfordringar heller, og klarar fint alt han prøver på. Slik gjekk det med han, og han har innfridd min positive oppfatning av han, og eg er glad for at eg trudde på han heilt frå starten. Ryktene har heldigvis stilna av. Så har den unge karen og meg vorte stadig nærare vener, og han kjem til meg når det er noko. (Kanskje kjem han innpå Nettby med tida, og eg har vist han korleis han skal finna det).

Det er ingen tvil om at det er rikeleg å ta tak i for Yrkessjåførombudet. Også saker om folk som vanskeleg får arbeid av ulike grunnar og ryktespreiing kan Yrkessjåførombudet vera til for.

Helsing Stuttjukken.
Stuttjukken
- på norske vegar -
 
Innlegg: 4821
Registrert: Fre Des 09, 2005 20:01
Bosted: Arna, Bergen.

Innlegg The Cowboy » Tor Jan 31, 2008 20:57

mobbing og baksnakking er nok noe man aldri kommer til å få slutt på!! uansett hvor mange lover og regler som blir kasta ut i øst og vest..

folk prater, slik er det bare.. at andre er mer kjipe i snakken enn andre er bare en del av å være menneske! jeg selv skal ærlig innrømme at jeg baksnakker litt og.. men dog, kun om konsekvente og faktabaserte ting..
om en sjåfør (meg selv inkludert) driter seg ut med noe, så blir det selvsagt litt snakk om det på pauserommet.. ikke til å unngå! så lenge sjåføren selv ikke blir så skremt at han ikke tør å vise seg bak rattet på en bil, eller ta en tur innom pauserommet igjen, i frykt for å bli ledd av, så er det ikke skjedd noen skade! jeg har blitt ledd av og herjet litt med på jobben.. ikke noe stress, man må nesten bare ta det som en lærdom!

men om noen baksnakker eller mobber en på jobben, pga hvordan person han/hun er, da blir det værre.. litt venlig mobbing pga en tabbe eller to, det går, men å mobbe noen pga at han/hun ikke ser så bra ut, har en annen legning eller bare er på feil plass for sitt kjønn (sett, damer som lastebil sjaffis.. mange eldre sjåfører som ikke liker damer bak rattet!), det blir feil!

kommer litt ann på hvordan man sier det, og om personen selv klarer å se det humoristiske i det da.. mange som ufrivillig mobber.. de mener det som en uskyldig spøk, mens offeret tar det som personlig fornærmelse og neste utvei er æredsdrap.. hehe!

jeg vet hvertfall med meg selv, at om noen føler for å mobbe og hakke på meg.. humoristisk eller ondsinnet, så preller det av! jeg kan le av det morsome, og bryr meg ikke om det som er ment sårende!

dette var mine ord om tema.. muligens litt dumt formulert men.. jaja! hehe :)
Brukerens avatar
The Cowboy
*he-he*
 
Innlegg: 6311
Registrert: Man Des 03, 2007 14:20
Bosted: Skien

Innlegg Stuttjukken » Tor Jan 31, 2008 22:18

Det gjer ingenting at ein trur det er dumt formulert, for det er uansett betre å skriva noko enn å ikkje gjera det. Nei, eg syntest ikkje at det var dumt formulert.

Det stemmer at ein ikkje kan få slutt på mobbing/baktaling, m.m. Det veit eg så altfor godt. Likevel førbeheld eg retten til å tala ut mot mobbing, anten det verkar eller ikkje. Då treng ein ikkje tenkja på at ein ikkje prøvde i det minste. Yrkessjåførombudet si viktigaste oppgåve her er å støtta opp om sjåførane som vert mobba/baktala, m.m.
Stuttjukken
- på norske vegar -
 
Innlegg: 4821
Registrert: Fre Des 09, 2005 20:01
Bosted: Arna, Bergen.

Innlegg The Cowboy » Lør Feb 02, 2008 19:54

seff, om noen føler seg mobbet og ikke har personligheten til å la det prelle av seg, så er det opp til tillitsmann systemet og YSO (yrkessjåførombudet) å støtte opp om denne sjåføren!!

men problemet blir jo litt denne og, om noen blir mobbet, sier fra, og det kommer opp et slags "mot mobbing" kampanje, så skjønner jo ca alle i et firma hvem som har sagt hva.. og da går dette ennå hardere utover sjåføren!
siden han da og blir sett på som en sladdrer..

så problemet er denne, blir man mobbet, swå har du tapt.. for gjør du ikke noe, blir det ikke bedre.. gjør du noe.. blir det gjerne værre! (så framt man ikke bytter jobb eller folka faktisk skjønner at de har tabbet seg ut!)

men er jo bedre å gjøre noe, og prøve, enn å ikke gjør noe..
eller gjøre som jeg gjorde når jeg var liten, begynt å ta tilbake.. tok ca 1 mnd, så var det ingen som mobba meg lenger.. hehe! gøy å være 12-13 og gå til frontal angrep på de som er 15-16 år.. og komme seirende ut av det! hehe
Brukerens avatar
The Cowboy
*he-he*
 
Innlegg: 6311
Registrert: Man Des 03, 2007 14:20
Bosted: Skien

Vår jobb...

Innlegg Silvercrow » Lør Feb 02, 2008 23:58

Jobben vår i denne sammenhengen er da først om fremst å lytte. Jeg tror ikke det alltid er formålstjenelig å "slå alarm" og lage rabalder på arbeidsplassen på grunn av mobbing. Cowboy nevner selv her en rekke gode punkt som argumenterer mot det.

Som sagt, - skal vi lytte og støtte. Det er kanskje det som skal til for at vedkommede klarer å bite i seg sladderen og fortsette i jobben, - til tross for ryktekverna. På ei kantine har jo ei fjær en tendens til å bli masse oppegående høns på null tid og derfor rammer jo denne typen mobbing så hardt!

Jeg er ikke så naiv at jeg tror vi greier å stoppe baksnakkingen og ryktekverna, - sånn uten videre, - men vi har også en jobb å gjøre i forhold til bevisstgjøring, - hva kverna kan føre til når det kommer til individets følelser. Jeg har det ikke helt klart for meg hva vi kan gjøre sånn helt konkret, - men at Vi, - I det minste kan kontaktes, - om ikke annet for å lytte og forstå kan for et menneske noen ganger bety alt!

Hvis vi i tilleg tør å si fra, - når vi sjøl sitter på kantina, - eller veikroa og hører baksnakkingen, - tør å si at "jeg syns ikke vi skal snakke sånn om folk som ikke er her og kan forsvare seg" har vi kommet langt. Hehh..det er J..vlig tøft å gjøre, - men har ganske sikkert effekt.

Silvercrow
Brukerens avatar
Silvercrow
Lærling
 
Innlegg: 250
Registrert: Søn Jan 06, 2008 23:13
Bosted: Trondheim


Innlegg Stuttjukken » Søn Feb 03, 2008 13:58

Me får ikkje slutt på ryktespreiing, baktaling og mobbing, men me kan ta oss av dei som er ofre for dette.

(Eg ser at The Cowboy nemner YSO - Yrkessjåførombudet. Eg var ikkje klar over at det var noko som heitte det, så det skal eg undersøkja nærmare. Det bør ikkje vera 2 instansar som heiter akkurat det same, og då vert det me som endrar arbeidstittelen Yrkessjåførombudet til noko anna. Dette ser eg på seinare).
Stuttjukken
- på norske vegar -
 
Innlegg: 4821
Registrert: Fre Des 09, 2005 20:01
Bosted: Arna, Bergen.

YSO

Innlegg Silvercrow » Søn Feb 03, 2008 14:12

Jeg gjorde nettopp et raskt Google-søk på Yrkessjåførombudet, - og fikk mange treff. Alle var relatert til våre debatter på Bergli og Nettby.
Så gjorde jeg et nytt søk på YSO og fant ingen treff der som var relevante til noe annet ombud. Det eneste der som bruker den forkortelsen er Ytre Sunnhordland Opplæringskontor, - så da er det vel grunn til å tro at det er vårt prosjekt The Cowboy refererer til?
Brukerens avatar
Silvercrow
Lærling
 
Innlegg: 250
Registrert: Søn Jan 06, 2008 23:13
Bosted: Trondheim

Innlegg The Cowboy » Søn Feb 03, 2008 16:12

brukte YSO som forkortelse til YrkesSjåførOmbudet bare.. ikke ment som en indikasjon til noe annet forbund.. hehe :)

min feil at jeg glemte å si det var ment som forkortelse!! hehe
Brukerens avatar
The Cowboy
*he-he*
 
Innlegg: 6311
Registrert: Man Des 03, 2007 14:20
Bosted: Skien

Innlegg Stuttjukken » Søn Feb 03, 2008 17:28

Jaja, eg fann ikkje noko revolusjonærande under søk, eg heller.
Stuttjukken
- på norske vegar -
 
Innlegg: 4821
Registrert: Fre Des 09, 2005 20:01
Bosted: Arna, Bergen.


Gå til Yrkessjåførombudet, medmennesker på vegen

Hvem er i forumet

Brukere som leser i dette forumet: Ingen registrerte brukere og 1 gjest