Fersk sjåfør får ikkje arbeid.

Dette er tråden til våre Sjåførombud, og vil inneholde egne tråder og informasjon knyttet til sjåførenes liv og virke på veien. Mer info kommer.

Moderatorer: Stig-Arne, Lysmester`n, jvsandem, DeLutte, MOOY, topline164

Fersk sjåfør får ikkje arbeid.

Innlegg Stuttjukken » Lør Jan 12, 2008 20:26

Ein skulle tru at det var slutt på at ferske sjåførar ikkje klarar å få arbeid no i desse tider med den sokalla store sjåførmangelen. Eg veit at det ikkje er tilfelle. Visst får fleire ferske sjåførar arbeid i dag enn før, men det er framleis eindel sjåførar som ikkje får sjansen den dag i dag. Grunnane er oftast at arbeidsgjevarane og bileigarane har bestemt seg for at det er folk som dei absolutt aldri skal tilby jobb, same kor mykje dei taper på at dei manglar sjåførar. Eg har uttrykt dette på andre forum, og somme seier at påstandane mine er tull, fordi bransjen skrik etter sjåførar og får ikkje tak i. Jaudå, slik er det hjå nokon arbeidsgjevarar og i delar av landet, ikkje minst i sentrale Austlandsområdet og i andre tettbygde storbystrøk her til lands. Norge er eit langt land, og somme yrkessjåførar bur ugunstig til i forhold til arbeidsmarknaden, kan ikkje flytta på seg, m.m. Dei skal jo ha sjåførar overalt i Norge, men i mange distrikt slit ferske sjåførar med å skaffa seg jobb framleis. Så har de sjåførar som ikkje får arbeid som ingen vil ha. Eg var ein slik for 9 år sidan. Søkte arbeid overalt frå Ryfylke og oppetter heile kysten til Finnmark. Ingen tilbaud meg arbeid, og kun 2-3 av eit ukjent antal gadd svara. Eg tullar ikkje, det er faktisk sant. På den tida var sjåførmangelen mindre, men den var aukande. Først då eg søkte jobb i fordomsfrie Oslo/Akershus fekk eg tilbod om fast arbeid. Sidan då har eg vore bussjåfør, og køyrde 2-3 år austpå før eg drog heim vestover. I dag ville eg ikkje ha vore røynslene austfrå forutan.

Eg meinar at Yrkessjåførombudet skal kunna støtta ferske sjåførar som slit med å finna arbeid, for det er framleis sjåførar som ikkje klarar å få innpass nokon stad. Eg kjenner godt til frustrasjonen dei slit med. Ein ting til: Me held jo på å verta eit nettverk av sjåførar her inne, etterkvart frå heile landet. Me kan jo hjelpa til med å visa dei veg inn i eit arbeid, for mange av oss veit kor dei treng sjåførar. Ein prat med dei ferske sjåførane gjev oss ein peikepinn på kva dei bør søkja på, og det går óg an å ta kontakt med arbeidsgjevaren om ledige sjåførar. Då sjåførmangelen var mindre for eindel år sidan var det mange sjåførar som ikkje fekk jobb i det heile teke. Dei som kunne ha vorte dyktige og pålitelege sjåførar måtte til slutt gå inn i annan type arbeid. Dei fleste er nok i langt betre betalt arbeid enn sjåførane er, så den ressursen er tapt for alltid. Den gongen bytte arbeidsgjevarane sjåførane mellom seg, og det kom lite med ferske sjåførar i arbeid, så bransjen har nok mykje seg sjølv å takka når det gjeld sjåførmangelen, og då tenkjer eg på sjåførressursane som er tapt for alltid, då ingen ville ha dei då dei var ledige. Yrkessjåførombudet bør kunna støtta ferske sjåførar som er frustrerte over at dei ikkje får jobb.

Helsing Stuttjukken.
Stuttjukken
- på norske vegar -
 
Innlegg: 4821
Registrert: Fre Des 09, 2005 20:01
Bosted: Arna, Bergen.

Gå til Yrkessjåførombudet, medmennesker på vegen

Hvem er i forumet

Brukere som leser i dette forumet: Ingen registrerte brukere og 1 gjest