Kva gjer de når de anar uråd hjå kollegaer?

Dette er tråden til våre Sjåførombud, og vil inneholde egne tråder og informasjon knyttet til sjåførenes liv og virke på veien. Mer info kommer.

Moderatorer: Stig-Arne, Lysmester`n, jvsandem, DeLutte, MOOY, topline164

Kva gjer de når de anar uråd hjå kollegaer?

Innlegg Stuttjukken » Lør Jan 12, 2008 20:33

Det hender at det er ting som skjer kollegaene óg. Det kan vera kva som helst, men eg tenkjer på ting som KAN verka negativt for kollegaen som er oppe i ein situasjon. Berre for å ta nokre døme frå arbeidsplassen her, men utan å fortelja noko om dei det gjeld, men kun halda seg til sak. Tillitsmannen ringte meg hin dagen. Så sa han at han måtte i viktig møte med ein kollega, utan at eg nemner meir om det. Eg sa til tillitsmannen at han måtte helsa kollegaen frå meg og sei at eg vona at det kom til å bra. På ein annan kollega har eg merka at det er noko som er i gjære. Magekjensla fortel meg det. Eg ringte til han og spurde rett ut om det var noko no om dagen. Jau, det var det. Han kom til meg og snakka om det, og var heldigvis med godt mot. Eg kjende uro frå magekjensla eg har (som er litt overfølsom til tider), men kan no slappa av frå det.

Når de anar at det er noko som ikkje er som det skal med kollegaene, så ta kontakt med dei på to-mannshand, eller formidla noko gjennom mellommann når ein ikkje får teke kontakt direkte i tide (som å overbringa helsing og ynskje om lukke til). Det er viktig at dei ein snakkar med kjenner tryggleik, og at dei får tillit til deg. Det hjelper til at det lettar på trykket hjå ein kollega. Uansett, misbruk ikkje tilliten, og med sunn fornuft merkar ein kva som ein ikkje skal fortelja vidare til andre.

Det er ofte dei små tinga ein gjer som er dei viktigaste tiltaka. Det kan gjera dagen mykje betre for kollegaene det. Smil, imøtekomenheit og positiv merksemd hjelper mykje. Sjåførar har ofte ein sleivete omgangstone seg i mellom, og sånn skal det vera blant sjåførane. Merkar de noko med ein kollega, så spør rett fram i fullt alvor korleis det går, gjerne med ein myndig aksent slik at kollegaen merkar at de snakkar i fullt alvor MED kollegaen. Unngå å slengja ut det klisjé-aktige "kor det går.............", men uttrykk det på ein bestemt måte i ein omsorgsfull tone.

Helsing Stuttjukken.
Stuttjukken
- på norske vegar -
 
Innlegg: 4821
Registrert: Fre Des 09, 2005 20:01
Bosted: Arna, Bergen.

Gå til Yrkessjåførombudet, medmennesker på vegen

Hvem er i forumet

Brukere som leser i dette forumet: Ingen registrerte brukere og 1 gjest