Yrkessjåførombudet og media.

Dette er tråden til våre Sjåførombud, og vil inneholde egne tråder og informasjon knyttet til sjåførenes liv og virke på veien. Mer info kommer.

Moderatorer: Stig-Arne, Lysmester`n, jvsandem, DeLutte, MOOY, topline164

Yrkessjåførombudet og media.

Innlegg Stuttjukken » Lør Jan 12, 2008 21:20

Yrkessjåførombudet er ikkje gjenstand for mediemerksemd, så det er ikkje det som er temaet her.

Eg tenkjer på all driten som media klarar å lira av seg i omtale av yrkessjåførane. Det er nok å tenkja på krigstypane i avisene og "Vogntog som drapmaskiner", "Vogntog meiar ned småbil", "Yrkessjåførar kan de få billeg", m.m.

Her meinar eg at Yrkessjåførombudet skal kunna skriva lesarinnlegg, artiklar, m.m. i avisene. I særleg alvorlege tilfelle av overtramp og ulempe for yrkessjåførane kan det vera naudsamt at Yrkessjåførombudet stiller opp direkte og møter sjåførane som vert ramma av skitkasting. Korleis dette skal gjerast må det nok arbeidast eindel med.

Helsing Stuttjukken.
Stuttjukken
- på norske vegar -
 
Innlegg: 4821
Registrert: Fre Des 09, 2005 20:01
Bosted: Arna, Bergen.

Innlegg Stuttjukken » Fre Feb 01, 2008 21:43

Det er planlagt at det skal utarbeidast artiklar til media/avisene som handlar om ulike saker. Det som står på dagsorden i første omgang er situasjonen for bussjåførane i Vestfold, samt vintervedlikehaldet og situasjonen for yrkessjåførane på riksvegnettet mellom Trondhjem og Nordmøre (E 39, rv. 65, 680, 714, m.fl.). Vintervedlikehaldet er mesterleg framstilt av både Terje Tankbil (anmelde Vegvesenet) og Dagis (bilete frå glatten over Hemnkjølen) i det siste.

De som har viktig bakgrunnstoff i desse sakene vert oppfordra til å ta kontakt med meg direkte (PM) så snart som mogleg. Når det gjeld Trøndelag er eg overbevist om at Terje Tankbil, Dagis, Argon, Rubber Duck, m.fl. har noko å fortelja her.

Helsing Stuttjukken.
Stuttjukken
- på norske vegar -
 
Innlegg: 4821
Registrert: Fre Des 09, 2005 20:01
Bosted: Arna, Bergen.


Gå til Yrkessjåførombudet, medmennesker på vegen

Hvem er i forumet

Brukere som leser i dette forumet: Ingen registrerte brukere og 1 gjest