viewtopic_print
Side 1 av 1

STATUS-TRÅDEN. Kva er det som skjer i Yrkessjåførombudet no?

InnleggSkrevet: Søn Jan 13, 2008 07:53
Stuttjukken
13/1-08.

Denne tråden er sett oppfor å fortelja om kva som skjer hjå Yrkessjåførombudet for tida, løpande framover. Dette er ein oppdateringstråd for prosjektet.

BAKGRUNN.

No er prosjektet i startfasen. Idéen til dette kom til seinsommaren 2006. Eg har endeleg sett grunnar til at det trengs eit støtteapparat for yrkessjåførane, både på bakgrunn av eigne opplevingar, men óg på bakgrunn av andre sine opplevingar som har nådd øyret og augene mine. Min historie står i tråden der ordet "Verdsmeistar-mentaliteten" er nemnt i trådtittelen.

Nokre Bergli-folk inkludert Rubber Duck samlast på Biri-transporten i 2006, og den gongen heldt eg idéen for meg sjølv. Eg fekk likevel det inntrykk av dei eg møtte me i forumet kunne arbeida med dette prosjektet saman, og seinare kom tanken på at enkelte kunne involverast spesielt i prosjektet og ta ansvar for enkeltområde. Førsteinntrykket frå Biri var faktisk at her kunne me møtast og snakka direkte med kvarandre, sjølv om me berre hadde møttest på nettet, og ikkje kjende kvarandre på ordentleg. Jau, somme kjende nok kvarandre på vanleg måte likevel, men eg hadde ikkje treft nokon av dykk som var der før. Så var det Stuttjukken då som berre køyrer buss, og ikkje er truckar i betydningen lastebil- eller trailar-sjåfør. Eg vart møtt med respekt, og følte meg som ein av dykk andre etter dette møtet på Biri. For å sei det slik, eg held fram med å tenkja på idéen vidare, sjølv om dette ikkje fortona seg som prosjekt då. Ordet Sjåførombudet (no Yrkessjåførombudet) var ikkje tenkt på då, for det er av nyare dato. Uttrykket eg tenkte på då var "Medmennesker på vegen", og mitt møte med Trolle på Biri gav ein sterk inspirasjon til idéen min. Eg visste då at eg måtte fortelja Trolle om dette på eit seinare tidspunkt, noko eg gjorde sist vår. Uttrykka eg brukar er kun prosjekttitlar/arbeidstitlar, og uttrykket -Sjåførombudet- som de ser under nicket mitt er ikkje noko eg er, men noko eg jobbar med som prosjekt. Derimot utnemner eg Yrkessjåførombud, men eg er ikkje utnemnt som det. For meg er det ein prosjekttittel. Dette kjem eg attende til. Sidan sist treff på Biri har Berglis vokse kolossalt i storleik, og er i dag leiande nettforum for sjåførar på eigne premissar.

Prosjektet vart lagt på is inntil vidare, og eg var slett ikkje sikker på om eg kom til å realisera det. Det var sist vinter og tidleg vår det hende noko som eg ikkje var førebudd på. Vel, eg held fram som eg pleier på Berglis, for eg innrømmer at eg kanskje har ein merkeleg framtoning i innlegga mine innimellom. Det var eit par sjåførar som hadde teke kontakt med meg på bakgrunn av ting eg hadde skrive på Berglis, som eg ikkje hadde reflektert spesielt over kunne resultera i kontakt og tillit. Eg var jo berre meg sjølv på forumet, som eg pleiar. Desse 2 som eg ikkje fortel kven er kom og fortalde sin historie. Det var 2 heilt ulike historiar, men begge var prega av frustrasjon og saker som var alvorlege for dei det gjeld. Dessutan har eg møtt begge desse sjåførane, utan at eg nemner meir om dei her. Då forstod eg at prosjektet måtte realiserast, og det vart ikkje liggjande på is lenger slik det gjorde. Ikkje lenge etter fortalde eg om prosjektet til formann og Trolle, og i sommar fekk Petters eit innblikk i det. Skissen til prosjektet vart faktisk teikna opp medan eg sat i bilen på Stoa ved E 18 i Arendal ein vårdag sist år, og venta på at formann vart ferdig på Ringnes. Han fekk sjå skissen allereie då, men då var dette så ferskt for han at han trong tid for å forstå kvifor eg meinte at dette var naudsamt. Han forstod det etterkvart, og eg forstod at han kunne vera ein ressurs for prosjektet. Så har tida gått, men formann bekrefta for litt sidan at behovet for prosjektet iallfall ikkje hadde vorte mindre sidan sist vår, snarare tvert imot. Eg tok kontakt med formann, fordi eg ville ha nokon å diskutera og jobba på prosjektet med. Det bestemte eg meg for allereie etter at eg møtte han sist vår.

http://www.nettby.no vart det starta ei gruppe for T.I.A., og det inspirerte meg til å gå i gong med prosjektet på ordentleg der og då. Rubber Duck fekk ei påminning av meg om å setja opp område på Berglis for både Yrkessjåførombudet og T.I.A., og no er det på plass. Det skal Rubber Duck ha mange takk for. Dette området vert eit verktøy for Yrkessjåførombudet, men området her er like fritt og ope for alle brukarar til å skriva innlegg i som resten av forumet her, om nokon lurte på det. Det er jo difor området er her. Det er de brukarar og sjåførar her inne som skal vera med å forma Yrkessjåførombudet, koma med råd og tips, vera med å bidra direkte, m.m. Yrkessjåførombudet skal vera ein funksjon for sjåførane, som dei skal føla som sitt eige støtteapparat.

KVA HAR SÅ HENDT I DET SISTE?

Det vart ordna til ei Yrkessjåførombuds-gruppe på Nettby 31/12-07, eit par dagar etter at T.I.A.-gruppa på Nettby var på plass, etter inspirasjon frå engasjementet der. Så byrja eg å tenkja på kven som skulle vera med og arbeida med prosjektet, og kva prosjektet skulle arbeida med. Eg tok rett og slett og byrja med å plukka ut kandidatar på bakgrunn av magekjensla, basert på min oppfatning av gode haldningar og engasjement, og at dette er reflekterte sjåførar med eit hjarte som bankar for sjåførane sitt ve og vel. Dessutan ser eg óg på bakgrunn og kompetanse til kandidatane, for mange fagområde skal dekkjast inn under Yrkessjåførombudet. Denne prosessen er såvidt starta, og i skrivande stund er det utnemnt 4 Yrkessjåførombud, og eg tel IKKJE med meg sjølv fordi eg ikkje er utnemnt. Formann og 1 til var på Berglis frå før, og den 3. kom inn i forumet nyleg. Nr. 4 har fått i oppdrag å kontrollera trådstartane mine her på Berglis, så då kjem kanskje han óg inn her, om han ikkje allereie er brukar her utan at eg er klar over det. Kun formann nemner eg konkret her og no, men dei andre nemner eg etterkvart når tida er inne. Det vert utnemnt fleire Yrkessjåførombud i tida framover, for å dekkja ulike fagområde og andre behov. Fleire på Berglis kjem til å verta kontakta av meg framover. Eg vonar at de som vert spurt har lyst til å stilla. Det handlar ikkje om å ta på seg mykje arbeid, men det handlar om å vera med på avgrensa område etter fag og andre tema-kriteriar. Somme får eindel ansvar, men alle involverte får litt ansvar. Det går meir og meir opp for meg at omfanget er kjempestort, og det kan eg ikkje vera åleine om uansett. Nokre vil nok verta overraska over å verta plukka ut og utnemnt til Yrkessjåførombud, men Stuttjukken veit kva han gjer. Han er no rar innimellom.

Tema som er framsett er mobbing, sambandsteneste, mediahets, m.m., og det kjem nok meir etterkvart.

Då vonar eg at brukarane og sjåførane støttar opp om prosjektet. Det er ikkje slik at det kun er dei som eg plukkar ut som kan vera med i prosjektet. De som vil vera med og hjelpa til tek kontakt med meg, for det er mange oppgåver som skal utførast her. Dette er ein utfordring til dykk brukarar og sjåførar på Berglis. Her er det berre å hiva seg på.

Tråden er open for innlegg frå alle brukarar i forumet utan forbehald. Oppdateringar i prosjektet skriv eg inn her.

Helsing Stuttjukken.