Tøffe tider for sjåførane.

Dette er tråden til våre Sjåførombud, og vil inneholde egne tråder og informasjon knyttet til sjåførenes liv og virke på veien. Mer info kommer.

Moderatorer: Stig-Arne, Lysmester`n, jvsandem, DeLutte, MOOY, topline164

Tøffe tider for sjåførane.

Innlegg Stuttjukken » Søn Jan 13, 2008 13:02

http://www.bt.no/lokalt/sf/article475516.ece .

Det handlar om at transportmengda er venta og auka i Sogn og Fjordane, heiter det seg. 40% av transportbedriftene slit med å få tak i sjåførar, og tyr til auka overtid og tilsetjing av yrkeshemma og utlendingar. (Det er ikkje negativt at yrkeshemma som har lyst til å jobba som sjåførar får prøva seg, i samsvar med helsetilstanden). Slik vil det nok hangla og gå vidare ei stund til. Under artikkelen følgjer eindel lesarinnlegg som er nyttig å lesa i gjennom. Jaudå, det står eindel tull óg, men oversjå det.

Tøffe tider for sjåførane pga. sjåførmangel og ytterlegare auka transportmengde, ja. Dette er alvorleg, så det er ingen tvil om det. Eg tenkjer likevel at skal det verta nokon betring for sjåførane på sikt, må sjåførmangelen auka mykje til og det kraftig. For å setja det på spissen får det våga seg at transportnæringa til slutt ligg der daud med broten rygg, R.I.P., så folk får sjå at varestraumen i Norge opphøyrer, kanskje så lenge at folk må flytta til marknaden for å overleva, og det betyr ut av Norge og sørover i Europa. Stuttjukken høyrest kanskje hard ut her, men det ser faktisk ut som at det må så hard lut til som dette for at Staten Norge skal forstå alvoret i situasjonen. Det handlar om at kvardagen for sjåførane må verta svært mykje betre, og løningane bør verta så høge at dei fleste tener mindre enn sjåførane + at sjåførane skal ha betalt etter ansvar, og statusen må kraftig opp. Sjåførane har vorte og er så mykje hersa med i dag at Staten Norge og det norske samfunnet har mykje å beklaga og be sjåførane om unnskyldning for. At bransjen har mykje seg sjølv å takka for sjåførmangelen pga. at dei ikkje ville ha sjåførane som baud seg den gong dei var disponible, får dei svi for i dag. Desse potensielle sjåførane er og vert ein tapt ressurs, og mange er i betre betalt jobb enn sjåførane.

Kva vedkjem denne saka Yrkessjåførombudet? Yrkessjåførombudet må følgja med i nyheitsbiletet. Det er det eine. Så treng dei verka som ein støttefunksjon for den enkelte sjåfør som plagest under dette køyret og rovdrifta som stadig fleire sjåførar opplever. Jaudå, Stuttjukken veit at sjåførane arbeidde mykje hardare før i tida, men det betyr ikkje at sjåførane skal hengja att i det harde køyret medan dei fleste i resten av det norske næringslivet får det betre og betre, sjølv om eg veit at det er tøft i t.d. helsevesenet óg. Uansett skal Yrkessjåførombudet støtta dei sjåførane som treng det.

Vert Yrkessjåførombudet eit godt organ med god støtte frå sjåførane, kan kanskje Yrkessjåførombudet uttala seg offentleg om saker som vedkjem sjåførane. Inntil vidare kan lesarinnlegg og artiklar skrivast, noko som er nemnt i ein annan tråd.

Hugs at Yrkessjåførombudet vert det som sjåførane gjer det til.

Helsing Stuttjukken.
Stuttjukken
- på norske vegar -
 
Innlegg: 4821
Registrert: Fre Des 09, 2005 20:01
Bosted: Arna, Bergen.

Gå til Yrkessjåførombudet, medmennesker på vegen

Hvem er i forumet

Brukere som leser i dette forumet: Ingen registrerte brukere og 1 gjest