Utfordring frå Stuttjukken. Logo til Yrkessjåførombudet.

Dette er tråden til våre Sjåførombud, og vil inneholde egne tråder og informasjon knyttet til sjåførenes liv og virke på veien. Mer info kommer.

Moderatorer: Stig-Arne, Lysmester`n, jvsandem, DeLutte, MOOY, topline164

Utfordring frå Stuttjukken. Logo til Yrkessjåførombudet.

Innlegg Stuttjukken » Søn Jan 13, 2008 17:45

Det er mange habile teiknarar her. Eg tenkte på ein utfordring til dykk som kan det her inne.

Yrkessjåførombudet ynskjer ein logo. Eg ser for meg koleis den bør sjå ut, men eg får ikkje til å teikna slikt uansett.
Mitt forslag er å teikna ei open hand som vender innsida opp. Oppi den handa skal det vera 3 store køyretøy; frå venstre 1 buss , 1 lastebil og 1 trailar. Bilane skal stå med fronten mot den som ser, med dei bussen og trailaren på sidene ein tanke på skrå kvar sin veg, men dei skal venda mot kvarandre på ein måte. Over bilane kan det teiknast 1 bussuniformslue til venstre og 1 lastebilcaps til høgre, men eg tek stilling til om det skal vera med når eg ser om det tek seg ut.

Det vert nok eindel forslag, prøving, feiling og justering på teikningane, men det går seg nok til etterkvart. Teikninga treng ikkje vera så ekstremt detaljert, og det kan henda at det enkle er det beste. Det kan koma endringar i logo undervegs i prosessen, men det tek me etterkvart. Teikningane legg de inn i denne tråden.

Når logoen er bestemt, skal teiknaren setja bokstavane sine som signatur på ein høveleg stad me vert einige om. Då logoen er tenkt til offentleg bruk er det eit regelverk om copyright og rettigheitar som trer inn. Eg veit for lite om reglane der, men det er nok på ein plass med ei godtgjerdsle til den som har laga til originalutkastet til logoen som vert valt ut, etter mi meining. Logoen lastar eg over på datamaskinen min når den er klar, og tinga er bestemt. Logoen vert deretter for bruk for Yrkessjåførombudet når me er komne så langt. Når Yrkessjåførombudet har fått litt "kjøt på beina", så vil nok publikasjonar av ulikt slag verta aktuelt, og då er det greitt med ein logo.

Dette er ei utfordring til dykk, karar og jenter. Då vonar Stuttjukken på respons på dette.

Helsing Stuttjukken.
Stuttjukken
- på norske vegar -
 
Innlegg: 4821
Registrert: Fre Des 09, 2005 20:01
Bosted: Arna, Bergen.

Gå til Yrkessjåførombudet, medmennesker på vegen

Hvem er i forumet

Brukere som leser i dette forumet: Ingen registrerte brukere og 1 gjest