viewtopic_print
Side 1 av 1

Landevegsriddarar.

InnleggSkrevet: Tir Jan 22, 2008 22:47
Stuttjukken
http://truckstop.diskusjonsforum.no/tru ... 3-225.html .

Betre enn dette i linken over kan ein knapt skildra ein landevegsriddar i praksis.

Landevegsriddarar, kva kjenneteiknar dei? Eg tenkjer på yrkessjåførar som viser initiastiv og innsats på ulik måte på landevegen. Somme sjåførar er stø som fjellet i jobben, står på dag og natt heile året uansett forhold, og er svært pålitelege, syktige og serviceinnstilte. Somme sjåførar viser handlekraft og tek eit tak når uhell/ulukker oppstår, noko linken over fortel. Somme sjåførar tek eit tak i problem, viser initiativ og engasjerer seg i viktige saker, t.d. tillitsvalde som står fast på sjåførane si side uansett kor tøff situasjonen er. Somme sjåførar viser sosialt initiativ overfor andre sjåførar, og gjer ein innsats på kroer, ferjer, m.m. Her kan me inkludera krovertar, m.m. som syt for yrkessjåførane sitt ve óg vel, sjølv om dei ikkje er sjåførar sjølve. Somme sjåførar eller andre bedriftstilsette som syt spesielt for sjåførane på arbeidsplassen, gjerne i ein rolle som t.d. "hønemor". Lista kan gjerast lang, men landevegsriddarar er folk som gjer ein jobb og treff tiltak for at sjåførar får ein betre kvardag, og sjåførar som tek eit tak på vegane når situasjonane oppstår.

Helsing Stuttjukken.