SAK! Brøytebilsjåførane vert dårleg behandla og mobba.

Dette er tråden til våre Sjåførombud, og vil inneholde egne tråder og informasjon knyttet til sjåførenes liv og virke på veien. Mer info kommer.

Moderatorer: Stig-Arne, Lysmester`n, jvsandem, DeLutte, MOOY, topline164

SAK! Brøytebilsjåførane vert dårleg behandla og mobba.

Innlegg Stuttjukken » Lør Feb 02, 2008 14:02

På Nettby går saka om bussjåførane til Unibuss i Vestfold etter anbudet. Det er på tide å finna saker som me kan diskutera på Berglis óg. Skilnaden på Yrkessjåførombudet frå resten av Berglis er at her kan me vera med og handla og treffa tiltak.

Det er vinter, og vegvesenet er som vanleg for sein ute med å beordra vintervedlikehald. Det ser me frå t.d. riksvegane vest for Trondhjem mot Nordmøre. Så vert det ofte sett inn for svake ressursar, som vanleg brøyting i staden for veghøvling. Så kan ein snakka om at det vert brukt for lite strøsand, fordi sjåføren har fått beskjed om å spara på sanden. Så har me det at det går for lenge før ein får salta vegane, fordi ein startar for seint. Så handlar det om at vegfarande som meldar frå om glatte parti ikkje vert teke hensyn til. Så har me folk som klagar over at det vert brøytt inn i oppkøyrsla til folk, så det skal ikkje mykje til før folk vert sinte. Det vert folk som kjent av den minste ting. Ingen av desse og mange fleire tilfelle kan lastast brøyte-mannskapa, inkl. dei som strør og saltar.

Nokre linkar.

Skjeller ut brøytesjåførar.
http://dt.no/article/20080114/NYHET/911652513 .

Brøytebilsjåfør drapstrua av billist.
http://www.adressa.no/nyheter/nordtrond ... 020885.ece .

Voldsmann ikkje avhøyrt.
http://www.adressa.no/nyheter/nordtrond ... 021563.ece .

Eg synest at dette er ei sak for oss på Berglis. La oss ta den diskusjonen, og om mogleg handla konkret her. Det handlar om mobbing og brøytebilsjåførane sin sikkerheit, så saka er alvorleg nok. Kom med innspel og initiativ her.

Helsing Stuttjukken.
Stuttjukken
- på norske vegar -
 
Innlegg: 4821
Registrert: Fre Des 09, 2005 20:01
Bosted: Arna, Bergen.

Gå til Yrkessjåførombudet, medmennesker på vegen

Hvem er i forumet

Brukere som leser i dette forumet: Ingen registrerte brukere og 1 gjest