Yrkessjåførombudet, ein stiftelse?!!

Dette er tråden til våre Sjåførombud, og vil inneholde egne tråder og informasjon knyttet til sjåførenes liv og virke på veien. Mer info kommer.

Moderatorer: Stig-Arne, Lysmester`n, jvsandem, DeLutte, MOOY, topline164

Yrkessjåførombudet, ein stiftelse?!!

Innlegg Stuttjukken » Ons Feb 06, 2008 11:18

Idéen til prosjektet kom til seinsommaren 2006. Mange tider og tankar har vandra sidan den gongen. Prosjektet er i startgropa for tida, og det gleder meg å sjå at nokre yrkessjåførar får augene opp for dette og er med og bidreg. Det er von om at fleire vert med på dette i tida som kjem. Etterkvart vil prosjektet trengja større handlefridom på mange område. Offisielt, økonomisk, internt mellom sjåførar, m.m. Det er mykje arbeid som skal gjerast i åra framover, og det må verta mogleg for nokon og utføra den jobben. Dette er eit stykke fram, men det er tid for å førebu dette i prosjektet, slik at arbeidsoppgåvene kan realiserast på sikt. Kva som konkret skal gjerast kan diskuterast. men ein svært viktig ting som eg meinar som trengs med tida, som har tenkt ut prosjektet, er at Yrkessjåførombudet treng 2-3 stk. som kan arbeida for dette. I første omgang må det vera på fritida for folk, men kanskje det skal handla om halve og kanskje heile stillingar med tida. Inkludert dokumentarprosjektet har eg sjølv ikkje tal på kor mykje tid som har gått med, men det handlar kanskje om over 100 dagar etterkvart dei siste par åra. Det er god nok tid for meg til å forstå at saka er viktig, og difor går det berre meir og meir tid til dette, spesielt i det siste.

Det eg trur er at prosjektet Yrkessjåførombudet bør verta ein stiftelse, av og for yrkessjåførar. Då handlar det om at det skal verta eit styre. Det kan koma på tale at stiftinga skal registrerast, og at det vert oppretta ein konto. Yrkessjåførombudet skal ikkje verta nokon stor organisasjon, og det skal ikkje konkurrera med nokon, verken foreiningar, T.I.A., Trolle/LTN eller noko, men tvert i mot spela på lag med dei, der me tek oss av mennesket yrkessjåføren på område som ikkje vert fullt ut dekka av det som er eksisterande i dag.

Allereie i år (2008) bør me få i stand det at nokre yrkessjåførar gjer ein innsats på dugnadsbasis. Eg tenkjer på større bevisstheit rundt det og møta andre sjåførar på din ferd. Det skal ikkje meir til enn å ta ein ekstra stopp på din ferd der det står ein lastebil/trailar/buss, for å ta kontakt med yrkessjåføren der. Kanskje ein skal stikka innom eit anlegg der det står lastebilar, og ta ein kort prat med folk der. Det er kontakt mellom yrkessjåførane det handlar om. Det er faktisk svært lite som skal til. Slikt kan gjerast dersom de har tid til eit stopp i din travle kvardag. Er de på ferietur kan de kanskje ta eit par stopp i for deg nye område i løpet av veka.

Det er planlagt eit møte i Yrkessjåførombudet utpå våren. Møtet skal finna stad i eller nært Larvik. Eg vurderer at Yrkessjåførombudet vert ein stiftelse på det møtet.

Då vonar eg på synspunkt på dette.

Helsing Stuttjukken.
Stuttjukken
- på norske vegar -
 
Innlegg: 4821
Registrert: Fre Des 09, 2005 20:01
Bosted: Arna, Bergen.

Gå til Yrkessjåførombudet, medmennesker på vegen

Hvem er i forumet

Brukere som leser i dette forumet: Ingen registrerte brukere og 1 gjest