Nasjonal Rassikringsgruppe, rassikring på norske vegar.

Dette er tråden til våre Sjåførombud, og vil inneholde egne tråder og informasjon knyttet til sjåførenes liv og virke på veien. Mer info kommer.

Moderatorer: Stig-Arne, Lysmester`n, jvsandem, DeLutte, MOOY, topline164

Nasjonal Rassikringsgruppe, rassikring på norske vegar.

Innlegg Stuttjukken » Tor Feb 21, 2008 12:06

Fann denne linken i dag.

http://www.hardanger-folkeblad.no/hfnyh ... 331159.ece .

Når eg rekk det vil eg prøva å få kontakt med rassikringsgruppa. (Det er travelt no om dagen før stoppen ons. 27/2, kl. 12). Yrkessjåførane kan spela på lag med rassikringsgruppa gjennom Yrkessjåførombudet, om rassikringsgruppa er interessert i oss yrkessjåførar. Dette kjem eg attende til når eg får tid til det. Det er iallfall ei svært viktig sak.

Minnar om snøryddingsjåføren som brøytte opp eit snøras mellom 2 tunnelar på vegen mellom Instefjorden (kryss E 39) og Brekke (Gulen) i Ytre Sogn. Så kom det eit ras til og feide lastebil og maskin i fjorden. Han omkom.

Eit døme på eit rasfarleg punkt vestpå som ingen torer å snakka høgt om. Eg trur det er like greitt at de veit om det.

Rasfare er det mange stader, ikkje minst vestpå og nordaførr. Eg nemner eit punkt på E 16, like sør for Stanghelle. Dei siste 50 metrane før Hettatunnelen, står fjellveggen loddrett temmeleg høgt opp frå nordre tunnelopning i Hettatunnelen. Ras kan det gå mange stader. På akkurat dette punktet opptrer ras med å falla i heilt fritt fall høgt oppe i frå. Det betyr at sjølv småsteinar er nok til å skjera i gjennom biltak og ta livet av folk. Hadde vegfarande der vore klar over akkurat dette, hadde nok skepsisen til å køyra forbi det punktet vore mykje større. Nei, ingen har nemnt dette, så det eg nemner er mine eigne konklusjonar, basert på det eg sjølv har sett på det punktet. Heldigvis går det sjeldan ras der, men det hender at det kjem noko ovanfrå. Skilnaden er at det som kjem der kjem i ein mykje større fart og kraft enn det som er vanleg i rasfarlege område.

Då går rassikring inn som arbeidsområde i Yrkessjåførombudet.

Helsing Stuttjukken.
Stuttjukken
- på norske vegar -
 
Innlegg: 4821
Registrert: Fre Des 09, 2005 20:01
Bosted: Arna, Bergen.

Gå til Yrkessjåførombudet, medmennesker på vegen

Hvem er i forumet

Brukere som leser i dette forumet: Ingen registrerte brukere og 1 gjest