Bilete frå ombuds-arbeidet.

Dette er tråden til våre Sjåførombud, og vil inneholde egne tråder og informasjon knyttet til sjåførenes liv og virke på veien. Mer info kommer.

Moderatorer: Stig-Arne, Lysmester`n, jvsandem, DeLutte, MOOY, topline164

Bilete frå ombuds-arbeidet.

Innlegg Stuttjukken » Lør Mai 03, 2008 12:21

Det er funne fram diverse bilete frå ombuds-arbeidet, og dei vert snart lasta opp. Bileta vert lagt inn på denne tråden. Er ombuds-arbeid gjenstand for fotografering, tru? Det er faktisk det. Ombuds-arbeid handlar om møte med yrkessjåførar, eller rettare sagt møte med medmennesker, den størst heidersnemninga folk kan få.

Tråden er open for andre som tek bilete i ombuds-arbeidet sitt.
Stuttjukken
- på norske vegar -
 
Innlegg: 4821
Registrert: Fre Des 09, 2005 20:01
Bosted: Arna, Bergen.

Innlegg Stuttjukken » Søn Mai 04, 2008 17:48

Det er sikkert nokon som lurar på kva ombudsarbeid inneber i praksis. Det viktigaste er å møta yrkessjåførar der dei er, ikkje minst når dei spør etter ein. Jaudå, det handlar om å engasjera seg i saker og alt det, og Yrkessjåførombudet skal gjera det. Til sjuande og sist står ein att med kontakten med yrkessjåføren. Det er det aller viktigaste. Det er ikkje eingong viktig å sei til yrkessjåføren at dette er ombudsarbeid, for det er uvesentleg der og då. Denne kameraten vår som mange av oss kjenner frå forumet vart ikkje opplyst om det før ei stund etterpå, utan at det betydde noko.

Det var ein dag i april at det tikka inn ei melding til Stuttjukken om at no var han i Bergen. Etter litt om og men fann me ut at det lot seg gjera og treffa kvarandre i Åsane. Når det er sagt var det ingen konkrete saker det dreide seg om her. Det var praten denne yrkessjåføren ville ha, og det fekk han. Praten er like viktig for ein yrkessjåfør som ynskjer det, som saker som må takast opp. Ein god leveregel her må vera denne: Den som ikkje er tru i smått, er heller ikkje tru i stort!

1. Yrkessjåføren var svolten og tok pausa si på Åsane Senter. Dette er Brukar vårres, ein yrkessjåfør som Stuttjukken ser opp til og som han har stor respekt for.

Bilde

2. Vogntoget han stod utanfor på Åsane Senter. Den verka jo sabla lang óg den semien, og det var den óg. Stuttjukken er glad for å sleppa å køyra på slikt. Då kan yrkessjåførar av Brukar sitt kaliber ta seg av det, og det er godt nok det, synest eg.

Bilde

3. Dasjbordet ser bra ut her.

Bilde

4. Temperaturmålarane er på plass, for det er greitt å sjå når det er fare for null-føre.

Bilde

5. Der står Brukar ved DAF-en sin.

Bilde

6. Det fine med Brukar er at han ikkje er stor på det, og ruvar heller ikkje så voldsomt ved sida av doningen. Det treng han ikkje heller, for denne karen køyrer skuta med stødig hand.

Bilde

7. Så er han på plass og er klar til å køyra att.

Bilde

8. For å sei det slik får eit slikt smil frå ein triveleg yrkessjåfør eit Yrkessjåførombud til å smelta heilt. Me som kjenner han veit kva Brukar har vore i gjennom av tøffe tider, og forstår godt at han smiler frå øyre til øyre som framleis får lov til å køyra vogntog, for det er ingen tvil om at dette er livet til Brukar. Eit så raust og triveleg menneske som Brukar fortener å vera yrkessjåfør så lenge han ynskjer og kan, og Stuttjukken ser fram til å treffa han på nytt ein annan gong.

Bilde

9. Så kjem det nokre speigelstudier av vogntoget til Brukar. Den er svær ja, iallfall mot tyttebæret av ombudsvøgne til Stuttjukken.

Bilde

10. Så er me i gong frå Åsane mot Arna. Dette er på lokalvegen mellom Åsane senter og Nyborg med lågare fartsgrense, så difor er han ikkje langt bak her.

Bilde

11. På den korte stubben med 4-felts veg mellom Nyborg og Vågsbotn er avstanden og sikten god.

Bilde

12. Så ber det innover frå Vågsbotn mot Arna på vanleg 2-felts veg. Her ser de at avstanden bakover til Brukar er akkurat passe. Noko å tenkja på for dei som bevisst ligg tett på framforkøyrande med det store køyretøyet sitt. Ein ting er å kom tett på når ein tek att køyretøy framfor, for det gjer eg óg. Deretter går dette an å korrigera. Dei fleste gjer det, men ikkje alle dessverre.

Bilde

13. Ein kort stopp for Brukar på haldeplassen på Takvam, mellom Arnanipatunnelen og Osterøybrua. Dette var avtalt, fordi Stuttjukken visste at det ikkje var nokre rutebussar på tur frå Arna og innover på den tida.

Bilde

14. Då tenkjer eg Brukar vil vidare mot Trondhjem, og han vert ynskt lukke til på vegen vidare. Han er ein optimistisk og høgst oppegåande yrkessjåfør, som Stuttjukken vonar får køyra i eindel år til.

Bilde

15. DAF-en på Takvam haldeplass ved E 16.

Bilde

16. Det er storleiksskilnad på DAF-en og den vetle ombudsvøgne, men på asfalten utanfor er me likemenn og likeverdige. Det er det som er det fine med yrkessjåførar. Det er kanskje ikkje for ingenting at Stuttjukken er oppteken får å byggja ned skiljene mellom lastebil-/trailar-sjåførar og bussjåførar. Det er ein viktig jobb, og ein lang veg å gå. No er det ei von om at også T.I.A. samlar desse yrkessjåførgruppene under same tak.

Bilde

17. Så må Brukar vidare på si ferd mot nabobyen (?!!!) Trondhjem. I langtransporten si verd er alle avstandar korte. Sånn skal det vera.

Bilde

18. Så køyrer Brukar vidare i det fjerne. Hans første stopp etterpå vart i Aurland, medan han held fram over fjellet på kveld og natt. Røynde yrkessjåførar klarar dette fint, og kjem seg trygt fram. Det må nemnast at det var sleipt snø- og slapse-føre i anmarsj i indre strøk den kvelden. Same kor røynde yrkessjåførar er så tenkte Stuttjukken og Yrkessjåførombudet sitt, for han forstod kva som var i vente for Brukar. Rart det der, men slik er det når det handlar om å bry seg.

Bilde

-------------------------------------------
Stuttjukken
- på norske vegar -
 
Innlegg: 4821
Registrert: Fre Des 09, 2005 20:01
Bosted: Arna, Bergen.

Innlegg Stuttjukken » Søn Mai 04, 2008 18:42

Det er for lenge sidan at dette kan kallast for ein ombudsjobb, men det handlar framleis om møter med yrkessjåførar. Denne dama hadde Stuttjukken venta lenge på og møta, og endeleg vart det noko av.

1. Då tek me turen til Nygårdstangen i Bergen for å møta på ei kjekk dame. Her er fimaet ho køyrer for.

Bilde

2. Her er vogna. Skal tru kven me kan møta her, tru....................

Bilde

3. Det byrjar og koma for ein dag kven dette er, ja.

Bilde

4. Sjå der er ho, FH-bejben, saman med ein slektning.

Bilde

5. Så skal de fotograferast, ja.

Bilde

6. Denne dama trivest med å vera trailarsjåfør. Det er det ingen tvil om. FH-bejben har eg stor respekt for. Rart det der, men det viser seg at dei yrkessjåførane som eg har mest respekt for og ser mest opp til, har slett ikkje hatt så lett for det på sin veg til den yrkessjåføren dei er i dag, og det er dei bevisste på sjølv. Eg kjenner meg att i kva det betyr å ikkje vera god nok, og FH-bejben har hatt sin del av slike opplevingar. Yrkessjåførar som har det til felles at dei ikkje har kome lett til det, men som har slite og arbeidd hardt for å verta den yrkessjåføren dei er i dag, har eg ein tendens til å kome lett i kontakt med. Mange yrkessjåførar har nok kome lett til der dei er i dag, når det gjeld karrieren som yrkessjåfør, anten det er via familie eller godt hjelpt av stor sjølvtillit. Vel, det får våga seg at Stuttjukken får pepper for den vinklinga her, men så står han for at det er akkurat dette han meinar, og der kjem ingen noko veg med han på det området. Så er det notert!!

Bilde

7. Her verkar det som at FH-bejben funderar på eitt eller anna. Vel, det er sikkert freistande å kommentera at FH-bejben her køyrer Scania, men kva så? Stuttjukken let det liggja, for det er ikkje viktig i det heile teke. FH-bejben er like fullt FH-bejben, same kva ho køyrer for noko.

Bilde

8. Det er ein fryd å møta FH-bejben.

Bilde

9. FH-bejben er nok lysten på å koma seg vidare når kviletida tillet det. Sånn er det berre. Vonar at me møtast att fleire gonger.

Bilde

10. Så fekk Stuttjukken nok eit storfint Bergli-besøk i førjulstida i fjor. På retur frå dei sundmørske egner kom det ein jærbu i svarte novemberkvelden. Så stoppa han i Arna og tok pausa si der før ferda gjekk vidare til Onnai (Undheim på Jæren). Her fekk Stuttjukken besøk i bussen av Nils apen, ein "jysla jille" kar som dei seier på hans heimtrakter.

Bilde

11. Så er det ein kjent sak at apen trivest best i Scania. Då var det flaks at Stuttjukken køyrde Scania akkurat den kvelden, for elles gjekk det i Volvo dei andre dagane den veka. Apen fekk seg ein kort tur over Osterøybrua til Haus og retur forbi Playa del Thunes til Arna. Nils var innom på Playa del Thunes seinare på vinteren.

Bilde

12. Det er ein smilande og kjekk yrkessjåfør, dette. Velkomen attende til Arna fleire gonger, men hugs å vekkja TrailerTøse, så de får ho med deg bak rattet.

Bilde

-------------------------------------------
Stuttjukken
- på norske vegar -
 
Innlegg: 4821
Registrert: Fre Des 09, 2005 20:01
Bosted: Arna, Bergen.

Innlegg Trønderjet » Søn Mai 04, 2008 18:52

Morsom og allikevel meningsfull tråd dette Stuttkjukken. Dette blir jo nesten som portretter foretatt av deg, noe helt annet enn sjåførdagbøkene. Arbeidet du gjør med å gjøre hverdagen lettere for sjåfører på storbil, enten det er buss eller lastebil er et kjempetiltak. Og denne tråden vil jeg tro er nyttig i nettopp den sammenhengen, for her er det mange historier og vettuge mennesker som kan dele sine små og store erfaringer med deg og det kan du bruke videre i ombudsarbeidet. Og det at du nevner respekt, det burde være en selvfølge for alle, uansett hvem de er. Men det er fort å glemme i trafikken, så på det punktet har du mye å ta tak i Stuttkjukken :)
Brukerens avatar
Trønderjet
Bileier
 
Innlegg: 3290
Registrert: Tir Des 20, 2005 21:20
Bosted: Stjørdal

Innlegg Stuttjukken » Søn Mai 04, 2008 18:57

Det hender at det er møter i Yrkessjåførombudet, og nokon av dei har teke turen til Playa del Thunes.

1. Her er kanh på Nettby, bussjåfør hjå UNIBUSS i Vestfold. Ho har vore gjennom ei tøff tid saman med sine kollegaer, etter at UNIBUSS overtok rutekøyringa i delar av Vestfold etter nyttår, med eit sant kaos i tida etterpå. Kanh har stått i fronten for bussjåførane der og har engasjert seg kraftig på bussjåførane sin vegne. Den første tida etter nyttår vart bussjåførane pressa så hardt psykisk at mange fekk store vanskar i kvardagen sin. Så fekk kanh støtte av Yrkessjåførombudet i vinter, og dermed klarte ho å koma seg såpass at ho klarte å halda ut i kvardagen og ta kampen opp. Etter ei tid innsåg UNIBUSS sjølv at dei ikkje kunne halda fram slikdei gjorde, for bussjåførane både sjukemelde seg og sa opp i eit alvorleg omfang. Misforstå ikkje, for Yrkessjåførombudet kunne ikkje gjera noko konkret, men det var kjensla av omtanken både ho og andre bussjåførar kjende som gjorde at dei holdt ut då det var på det verste, og no byrjar bussjåførane å fungera att, sjølv om situasjonen langt frå er god nok endå. Sidan det handlar om å bry seg, hjelper ein moralsk støtte som er ærleg meint meir enn ein anar.

Bilde

2. Kanh er merka av den tøffe tida ho hadde vore i gjennom, men det var byrja og skje noko positivt i UNIBUSS, så ho hadde og har ei von om at dette kan gå vegen for bussjåførane der.

Bilde

---------------------------------------------
Stuttjukken
- på norske vegar -
 
Innlegg: 4821
Registrert: Fre Des 09, 2005 20:01
Bosted: Arna, Bergen.


Innlegg Stuttjukken » Søn Mai 04, 2008 19:01

Respekt, uff ja, ikkje skrem meg no, Trønderjet. Dette er ei umogleg oppgåve, men eg prøver no og gjera mitt. Så er det ikkje alltid like lett det heller, for eg har jammen meg opplevd min part av å IKKJE verta møtt med respekt, der det var på sin plass å møta meg med nettopp respekt. Eg trur eg veit kva eg noterer og meinar her, hmmm...........................
Stuttjukken
- på norske vegar -
 
Innlegg: 4821
Registrert: Fre Des 09, 2005 20:01
Bosted: Arna, Bergen.

Innlegg Stuttjukken » Søn Mai 04, 2008 19:27

Me har fleire gode kollegaer på vegen. Heilt ufortent har nokon av dei vorte kalla for terroristar. Kanskje nokon hugsar mediahetsen av yrkessjåførane, ført an av Fædrelandsvegen og tidlegare av ordføraren i Lesja kommune. Spør de meg var det ikkje det minste rart at fleire yrkessjåførar vart sterkt forbanna på dette. Dei har fått nok av å verta trakka ned i driten. Så byrja nokre yrkessjåførar i Vestfold å reisa skikkeleg bust, og dette spreidde seg som eld i tørt gras. Yrkessjåførombudet oppdaga dette tidleg, og sende nokre meldingar om at dei kunne ha støtte i ryggen, noko som vart teke imot med opne armar. Midt oppi dette skjedde dødsulukka i Østerdalen, og då gjekk det ut ein SMS-aksjon frå ukjent hald. Dette resulterte i at rundt 10% eller meir av alle yrkessjåførar stoppa i 2 minutt, ons. 27/2-08, kl. 12. Eg presiserer at Yrkessjåførombudet ikkje hadde noko med stopp-aksjonen og gjera, men det vart oppfordra sterkt her vestfrå om at yrkessjåførane måtte delta i dette, både over nettet og i ei pressemelding som nokre få aviser tok inn. Så fekk yrkessjåførar høve til å representera seg som Yrkessjåførombud etter mandat her vestfrå, og det var noko nytt. Dermed byrja det frå ulikt hald og spørjast etter kva i all verda dette Yrkessjåførombudet var for noko, og nestan ingen visste kor det starta hen. Ikkje eingong Transportmagasinet skjønte noko av det, og har heller ikkje undersøkt det sidan, utan at det har noko å sei for Yrkessjåførombudet. I mellomtida hadde me det rett og slett moro, samstundes som yrkessjåførane var rettmessig forbanna på hetsen. Det var moro den tida då eg kunne vera floge på veggen og sjå på kor media og fleire var på Yrkessjåførombuds-jakt utan og forstå kor dei kunne finna fram til kor dette kom i frå. Jaja, det var i februar dette skjedde, men det var fart over nokre saker i nokre veker då, ja. At P4 fann fram til meg var sikkert eit yrkessuhell, men me sto han av då óg, som dei seier nordaførr.

1. Ein fin vinterdag kom denne trivelege yrkessjåføren til meg på Playa del Thunes. Her er vogna.

Bilde

2. Gustavsen Transport i Larvik på tur til Playa del Thunes. Det gjer meg audmjuk når eg tenkjer på det.

Bilde

3. Her har me volvoroger på Nettby. Han er innom truckERstopen på Playa del Thunes, og her manglar det ikkje verken vått eller tørt. Maten står på bordet. Når eg er heime er det ope for yrkessjåførar her. Såveit de det.

Bilde

4. Volvoroger og vogna.

Bilde

5. Volvoroger og vogna.

Bilde

6. Volvoroger er klar til å køyra vidare.

Bilde

7. Nok eit triveleg møte for Yrkessjåførombudet med ein triveleg yrkessjåfør. Slike som oss kallar media og ordføraren i Lesja for terroristar og drapsmenn. Tenk det. Er det rart at me vert forbanna på dette? Det anar meg at det vert meir for Yrkessjåførombudet og gjera med den saka fleire gonger i framtida. Eg berre nemner det. Veit de kva? Det er slike yrkessjåførar som dette Stuttjukken føler seg vel saman med. Me skal føra fleire slag i framtida, volvoroger.

Bilde

8. Så fekk Stuttjukken den ære og vera passasjer med volvoroger nokre hundre meter, men eg kunne tenkt meg å ha site på heilt til Larvik om eg hadde kunna gjort det. Eg kjenner meg minst 100% trygg på slike oppegåande yrkessjåførar.

Bilde

9. Då måtte volvoroger vidare austover. Me snakkast!

Bilde

------------------------------------------------
Stuttjukken
- på norske vegar -
 
Innlegg: 4821
Registrert: Fre Des 09, 2005 20:01
Bosted: Arna, Bergen.

Innlegg Stuttjukken » Man Mai 05, 2008 00:19

Så hender det at det er meir regulerte møter i Yrkessjåførombudet. Då er det straks litt meir alvor over sakene.

Det var ein vanleg arbeidsdag for meg, men eg hadde storfint besøk med meg i bussen, og det frå sjølvaste Trondhjem.

1. Først kikka me på denne gamle vetle Scaniaen på Nygårdstangen i Bergen.

Bilde

2. Så må eg ikkje gløyma å presentera kven som kom då. Bak han passerer det rette køyretøyet for oss som er bussjåførar, eller kanskje me skal banna i kyrkja og sei busstruckarar heretter, hmmm. Dette er Silvercrow, den andre biletdokumentatoren i Yrkessjåførombudet.

Bilde

3. Silvercrow likar å ta turen til Bergen, "sjøhh".

Bilde

4. Silvercrow er ein svært engasjert yrkessjåfør som me set pris på å ha i Yrkessjåførombudet. Det er ikkje vanskeleg å sjå det her, og hans kaliber når det gjeld engasjement er sjeldan vare og gull verd for alle som er yrkessjåførar. Han kjem me til å høyra meir om i tida framover, tenkjer eg. Då treng ikkje Stuttjukken gjera noko anna enn å ordna i stand infrastrukturen og vera bak kulissane, og godt er det, for Stuttjukken er ikkje brukandes som frontfigur i det heile teke, og den som må tenkja i dette prosjektet bør ikkje vera i fronten heller, iallfall ikkje som noko anna enn ein naudlysing når alt anna av ein eller annan grunn ikkje fungerer, der alternativet er at ingen stillar. Så er Silvercrow på plass som vara i T.I.A.-styret óg, og det er god bruk for han i T.I.A.

Bilde

5. Også Silvercrow sin bil er i dag rettmessig kalla for Ombudsvøgne. Når Stuttjukken har sagt det, så er det slik. Silvercrow "kajnn itj nå førr dæ".

Bilde

6. Silvercrow og Ombudsvøgne hans ved Sandvikvåg ferjekai på Stord.

Bilde

Det var alt for denne gong.

Må berre få leggja til at det nok vil vera mange meiningar om kva som er vitsen med Yrkessjåførombudet, og for å sei det slik har eg spurd meg sjølv om nettopp det fleire gonger. Vel, kva skal så Stuttjukken sei til det då, tru? Svaret er at hadde alt vore som det skulle på det arbeidsmessige og menneskelege planet for yrkessjåførane, hadde både Yrkessjåførombudet, Trolle-nettverket, T.I.A., fagorganisasjonane, m.m. vore overflødige. No er det ikkje eingong slik for oss yrkessjåførar. Jaudå, me kunne jo klart oss fint utan Yrkessjåførombudet, hadde det berre vore eg som har møtt vanskar i arbeidssituasjonen. Det var berre det at eg oppdaga at det var ikkje berre meg som hadde/har slike vonde opplevingar som historien min i ein annan tråd i Yrkessjåførombuds-kategorien fortel om. Det er så store mørketal ute blant yrkessjåførane at tanken på det er så skremande at eg gjer mitt beste for å fortrengja det, og set skylappane på til tider slik at det går an å få arbeidsro for å gjera noko konstruktivt.

Så må det ikkje gløymast kor hen inspirasjonen til Yrkessjåførombuds-prosjektet kom i frå. Me har eit unikt menneske som har gjort meir for oss yrkessjåførar enn nokon annan instans og organisasjon kan vera i stand til å gjera. Eg trur de anar kven eg tenkjer på. Eg vil rett og slett takka Trolle for at ho og hennar innsats har vore og er den store inspirasjonen til at prosjektet vårt i det heile teke kom i stand. Det er hennar forteneste at eg vågde å gå i gong med Yrkessjåførombudet. Her er det ein til som fortener ære for Yrkessjåførombudet sin eksistens, nemleg formann vårres, formann i Korketrekkeren Sjåførklubb. Han var lydhør for dette ved eit kafébord på Stoa ved Arendal ein ettermiddag tidleg i mai i fjor. Han trong litt tid for å la dette med Yrkessjåførombudet søkkja ned, men før jul gav han eigentleg klarsignal for at me (formann og Stuttjukken) startar opp Yrkessjåførombudet. Behovet hadde berre auka, meinte han. Så er filosofien vår at det er handling som tel, for prat vert det ikkje noko resultat av. Difor har det vorte handla først og prata etterpå i eindel tiltak, men då vart og vert det i det minst gjort noko. Sitat slutt.

-Vi må ikke tåle så inderlig vel den urett som ikke rammer en selv, fritt etter Arnulf Øverland.
Sist endret av Stuttjukken den Søn Nov 15, 2009 07:16, endret 1 gang
Stuttjukken
- på norske vegar -
 
Innlegg: 4821
Registrert: Fre Des 09, 2005 20:01
Bosted: Arna, Bergen.

Innlegg formann » Man Mai 05, 2008 18:51

Suverent mentor, ganske enkelt suverent!
mvh "formann" i Korketrekkern Sjåførklubb
CB 6207
Brukerens avatar
formann
Bileier
 
Innlegg: 5655
Registrert: Ons Sep 27, 2006 19:10
Bosted: Bilen

Innlegg Rubber Duck » Man Mai 05, 2008 21:41

formann skrev:Suverent mentor, ganske enkelt suverent!


Trønderjet skrev:Morsom og allikevel meningsfull tråd dette Stuttkjukken. Dette blir jo nesten som portretter foretatt av deg, noe helt annet enn sjåførdagbøkene. Arbeidet du gjør med å gjøre hverdagen lettere for sjåfører på storbil, enten det er buss eller lastebil er et kjempetiltak. Og denne tråden vil jeg tro er nyttig i nettopp den sammenhengen, for her er det mange historier og vettuge mennesker som kan dele sine små og store erfaringer med deg og det kan du bruke videre i ombudsarbeidet. Og det at du nevner respekt, det burde være en selvfølge for alle, uansett hvem de er. Men det er fort å glemme i trafikken, så på det punktet har du mye å ta tak i Stuttkjukken :)


Jeg kan ikke si det bedre enn det som allerede er sagt her, utrolig flott tråd dette her synes jeg! :D Du er en hedersmann av rang mentor, og det arbeidet du legger ned i dette arbeidet er uvurderlig og enormt viktig :tommel:
Man skal ikke plage andre. Man skal være grei og snill. Og for øvrig kan man gjøre hva man vil.

http://www.facebook.com/bergli.truckstop
Brukerens avatar
Rubber Duck
Administrator
 
Innlegg: 11398
Registrert: Søn Aug 28, 2005 15:28
Bosted: Trondheim


Innlegg Nido » Man Mai 05, 2008 23:48

hehe...
Ka faen du glor på ?
Nido
- Smörgåspojken -
 
Innlegg: 1768
Registrert: Lør Jul 21, 2007 20:14

Innlegg FH-bejben » Tir Mai 06, 2008 00:03

herlige bilder! fortsett med dette, det er helt flott på alle måter:)
Every cowgirl’s nightmare, every cowboys dream...

priv: 0047-90419114
Brukerens avatar
FH-bejben
Sjefsbejb
 
Innlegg: 4222
Registrert: Man Aug 14, 2006 18:22
Bosted: Der hodet treffer puta

Innlegg Stuttjukken » Ons Mai 07, 2008 11:49

Tenkjer Nido kan ta semien som Brukar køyrer og køyra den opp i Osen (Osevatnet).
Stuttjukken
- på norske vegar -
 
Innlegg: 4821
Registrert: Fre Des 09, 2005 20:01
Bosted: Arna, Bergen.

Innlegg Nido » Ons Mai 07, 2008 16:54

Eg trur ikkje eg skulle prøvd meg på det endå,for lite erfaring... trur Brukar med sin erfaring hadde klart det der myyykje betre en meg :) ...
Ka faen du glor på ?
Nido
- Smörgåspojken -
 
Innlegg: 1768
Registrert: Lør Jul 21, 2007 20:14


Gå til Yrkessjåførombudet, medmennesker på vegen

Hvem er i forumet

Brukere som leser i dette forumet: Ingen registrerte brukere og 1 gjest