Ope møte i Yrkessjåførombudet - val av styre.

Dette er tråden til våre Sjåførombud, og vil inneholde egne tråder og informasjon knyttet til sjåførenes liv og virke på veien. Mer info kommer.

Moderatorer: Stig-Arne, Lysmester`n, jvsandem, DeLutte, MOOY, topline164

Ope møte i Yrkessjåførombudet - val av styre.

Innlegg Stuttjukken » Man Jun 16, 2008 11:33

Det vert eit ope møte i Yrkessjåførombudet i næraste framtid.

Laurdag 21. juni, kl. 12.
Langangen Idrettslags Klubbhus i Langangen, kort veg frå første avkøyrsle frå E 18 mot Langangen (aust for bruene), når ein kjem frå Larvik (Oslo).

Det vert noko informasjon om Yrkessjåførombudet.
Det vert teke sikte på val av styre for Yrkessjåførombudet. Yrkessjåførombudet har ein konto, og då trengs det både eit styre og eit rekneskap for å forvalta kontoen.

Det vert presentert ei sak som skal overleverast Samferdselsdepartementet.

Velkomen til Langangen, yrkessjåførar.

Spre meldinga vidare.
Stuttjukken
- på norske vegar -
 
Innlegg: 4821
Registrert: Fre Des 09, 2005 20:01
Bosted: Arna, Bergen.

Innlegg Stuttjukken » Fre Jun 20, 2008 09:23

Minnar om dette som skjer i morgon. De som har lyst og er i rimeleg nærleik kan berre ta turen. Det er berre bra med mange Bergli-folk der.
Stuttjukken
- på norske vegar -
 
Innlegg: 4821
Registrert: Fre Des 09, 2005 20:01
Bosted: Arna, Bergen.

Innlegg Volcan » Fre Jun 20, 2008 20:49

Volcan og Shania kommer :)
Bilde
Ketil Bogen CB6203
tlf 99 36 77 63
Volcans Verden
Brukerens avatar
Volcan
Langtransportsjåfør
 
Innlegg: 1150
Registrert: Fre Jan 25, 2008 23:39
Bosted: Porsgrunn

Innlegg fhjenta » Søn Jun 22, 2008 11:02

heisann.

Da er styret i ykessjåførombudet bestemt.

Møtet ble holdt 21 juni 2008.
Med 10 personer tilstede. styret ble enstemmig vedtatt.

Bergli. Nettby.

Formann: Formann. Kosjforman.
Nest formann: akv.
proskjekt ansvarlig: stuttjukken. driver66
sekretær: fhjenta. sommerbarn
Talsmann: volvoroger. volvoroger.
Varamedlem: pers1972. pers1972

Styremedlemmer: royalflush. royalflush
kanh
Lucky luke krasin

De bakerste navna er kalle navn på nettby.no
Sist endret av fhjenta den Søn Jun 22, 2008 13:08, endret 1 gang
Ha en kjempe fin tur, og kjør forsiktig.
fhjenta
Sykkelbud
 
Innlegg: 3
Registrert: Tir Jan 15, 2008 22:33
Bosted: Larvik

Innlegg Rubber Duck » Søn Jun 22, 2008 11:15

Dette ser veldig bra ut, gode og engasjerte folk i riktig posisjon.
Jeg skal etterhvert sørge for at dette er informasjon som kommer opp og frem i den grad jeg får det til, vi har jo bl.a Transportmagasinet som eier nå. Hold oss oppdatert på ting som skjer fremover.
Man skal ikke plage andre. Man skal være grei og snill. Og for øvrig kan man gjøre hva man vil.

http://www.facebook.com/bergli.truckstop
Brukerens avatar
Rubber Duck
Administrator
 
Innlegg: 11398
Registrert: Søn Aug 28, 2005 15:28
Bosted: Trondheim


Innlegg Scania jenta » Søn Jun 22, 2008 11:25

Flotte greier... er jo mye og ta tak i så arbeidsledige blir dere ikke.. stå på alle sammen og gratulerer med vervene :)
www.Dvergstuen.com
Vi er alt det vi har opplevd...
Brukerens avatar
Scania jenta
Veteran
 
Innlegg: 1456
Registrert: Man Des 11, 2006 20:19
Bosted: Rena

Innlegg akv » Søn Jun 22, 2008 22:08

Bare til opplysning så er jeg akv her og på nettby...
For de som er andre steder så kan det være at jeg bruker annakvad å..

Takker for tilliten jeg har fått fra dere som skulle velge styre :-))
akv
Hjelpemann
 
Innlegg: 56
Registrert: Lør Apr 26, 2008 18:25
Bosted: sletter meg herfra!

Innlegg Stuttjukken » Man Jun 23, 2008 11:25

Liten korreksjon. Pers1972 er vanleg styremedlem. Styret har eigentleg ikkje varamedlemmar, men det vert gjort slik at styremøtene vert avhalde med dei som kan stilla, sjølv om det er ulikt kor mange som møter frå gong til gong.

Elles var det ein svært triveleg tur austpå, der det var ein triveleg gjeng med yrkessjåførar som møttest i Langangen. Formann hadde ordna lokale og ho mor i Langangen stod på og ordna med vaflar, m.m. Ein stor takk til dei som ordna med dette. Sundag møtte eg kanh frå Nettby, som køyrer buss i Holmestrand - Horten - Tønsberg - Tjøme. Det var skikkeleg kjekt og vera med henne på busstur til Tjøme. Så møtte eg Hermund5 frå Nettby i Horten, og det vart óg eit triveleg møte. Formann og meg var óg i Bamble natta frå laurdag til sundag og møtte båggi. Så drog eg nett innom i Hof og traff Pers1972 heime.

Det vart ikkje tid og forhold til noko særleg bilete undervegs denne gongen, då køyringa føregjekk om natta begge vegar. Køyreruta vart slik: Arna - Dale - Voss - Gudvangen - Aurland - Geiteryggen - Hol - Geilo - Dagali - Uvdal - Røberg - nedover Numedal - Kongsberg - nedover Lågendalen - Nanset (Larvik) - Langangen. Returen gjekk Langangen - Kopstadkrysset - Horten (for å vera med kanh på busstur) - Islandskrysset på motorvegen på E 18 - Sundbyfoss - Vassås (innom Pers1972 der) - Hof - Eidsfoss - Eikeren - Vestfossen - Hokksund - Modum - Snarum - Krøderen - Hamremoen - Noresund - Flå - Gol - Hol - Geiteryggen - Aurland - Voss - Arna.

Merka meg noko som Apen tok bilete av for ei stund sidan, nemleg skiltet om at store bilar har forbod mot forbikøyring i minst ein av tunnelane mellom Gulli og Kopstadkrysset på E 18 i Vestfold. Skal tru om dei har bomma på naudsam høgde og breidde nok ein gong. Det er no ikkje noko nytt, hmmm...............................

Mange takk for ei triveleg helg.
Stuttjukken
- på norske vegar -
 
Innlegg: 4821
Registrert: Fre Des 09, 2005 20:01
Bosted: Arna, Bergen.

Innlegg Volcan » Man Jun 23, 2008 20:17

Den glade gjengen fra møtet:

Bilde

Bilde
Ketil Bogen CB6203
tlf 99 36 77 63
Volcans Verden
Brukerens avatar
Volcan
Langtransportsjåfør
 
Innlegg: 1150
Registrert: Fre Jan 25, 2008 23:39
Bosted: Porsgrunn

Innlegg Sølvreven » Ons Jun 25, 2008 21:40

Nytt styre her oxo.
Vi er mange som kjører lastebil, men er vi mange nok som virkelig gidder og engasjere seg i alle de fine tiltakene som settes i gang.
Burde ikke ombudet vært en naturlig del av TIA eller andre seriøse klubber.
Nei jeg er overhode ikke negativ til dette ombudet, men vil så gjerne se at denne oppgaven blir ivaretatt, og at det på en eller annen måte støtter ombudet økonomisk.
Av den grunn ( for og vise at jeg er positiv til dette arbeidet) oppfordrer alle sjåfører til og gi kr 150.- til ombudete som et oppstartbidrag. Vi vet jo alle hva det koster bare og ta en tlf.....

Ære være dere som virkelig tar vare på sjåfører, uavhengi av hva som kjøres
Sølvreven
Bileier
 
Innlegg: 2050
Registrert: Man Jan 21, 2008 15:43
Bosted: Stjørdal


Innlegg Stuttjukken » Ons Jun 25, 2008 23:10

Yrkessjåførombudet er allereie i ferd med og verta ein del av T.I.A., og det var faktisk ynskjeleg heilt frå FØR T.I.A. byrja og røra på seg i vinter. For å sei det slik, måtte nok Yrkessjåførombudet starta opp uansett, pga. den medmenneskelege dimensjonen som var og er for svak i andre organisasjonar. Det kunne jo henda at det var slik at T.I.A. ikkje var oppegåande no. Det er engasjerte yrkessjåførar og takka for at T.I.A. kom i gong att. Det er óg engasjerte yrkessjåførar og takka for at Yrkessjåførombudet oppstod, og då tenkjer eg på yrkessjåførar som har kome med i prosjektet sidan den nestan usynlege starten på nyåret. Vel, om ikkje T.I.A. kom attende no, måtte nok Yrkessjåførombudet dra lasset og gjera jobben uansett. No vert Yrkessjåførombudet eit arbeidslag med engasjerte yrkessjåførar i T.I.A., og det er nok mykje betre. Med tida vert det nok arbeidd for å få Sjåførklubbane landet over med i T.I.A. Ingenting skjer over natta, og det er nok mange ting som vil ta tid. Vel, det er betre det, enn at det vert mange små grupperingar som stangar ut i alle retningar utan felles mål. Yrkessjåførombudet har vore klar over faren for dette heile tida, og melde seg for T.I.A. straks det rørte seg der, fleire månader før T.I.A.-årsmøtet i slutten av april. Det er jo samhald det handlar om, og då nyttar det ikkje og sprika i alle retningar. Dessutan oppstod det eit sterkt engasjement i Yrkessjåførombudet til tider, og er det noko T.I.A. treng, så er det engasjerte sjåførar. Då er det naturleg at Yrkessjåførombudet og T.I.A. finn saman, saman med Sjåførklubbane. Fleire yrkessjåførar arbeider allereie på alle dei 3 frontane, og då vert det lettare og samla kreftene.
Stuttjukken
- på norske vegar -
 
Innlegg: 4821
Registrert: Fre Des 09, 2005 20:01
Bosted: Arna, Bergen.

Innlegg kube » Fre Jun 27, 2008 17:22

Hvem er hvem på det bildet, var blant annet flere kandidater til 'stuttkjukken' :mrgreen:
..and thats HOW babies are made!!
Brukerens avatar
kube
Lærling
 
Innlegg: 282
Registrert: Fre Sep 23, 2005 00:07
Bosted: Trondheim

Innlegg Stuttjukken » Lør Jun 28, 2008 08:57

Kube spør om kven som er på bileta.

Stuttjukken - Adriver - far til FH-jenta - FH-jenta - Pers1972 - Formann - Volcan - Volvoroger - Soppen. På bilete 2 står Royalflush mellom FH-jenta og Pers1972.
Stuttjukken
- på norske vegar -
 
Innlegg: 4821
Registrert: Fre Des 09, 2005 20:01
Bosted: Arna, Bergen.

Innlegg Stuttjukken » Tir Jul 01, 2008 19:37

Legg inn eit lite referat frå møtet her, kopiert frå Yrkessjåførombuds-gruppa på Nettby.

-----------------------------------------------------------------------------------------------------------------

Referat, ja. Kom på det no.

Møtet var laurdag 21. juni i Langangen. Kosjforman hadde ordna alle formalitetar med tanke på møtestad, og mor hans stod på og ordna kaffi og vaflar til oss. Det var skikkeleg godt.

Me er framleis få i Yrkessjåførombudet, men eg synest at oppmøtet var bra. Det er eg godt fornøgd med. Her møtte Alf Johan Nilsen (Kosjforman) - Turid Urtegård (sommerbarn) - far til sommerbarn - Roger Urtegård (volvoroger) - Pål Bernhardsen (royalflush) - Allan Bruaset (Adriver på Bergli) - Pia Frittz (soppen) - Ketil Bogen (volcan) - Per Are Stenhaug (pers1972) - og John Sigurd Nygard (driver66, som kom rekandes over haugen vestfrå i ein "sprøkkjin hålk"). Volcan stilte med Tipp-lastebilen sin, med flagget til topps. Driver66 kunne slå fast at han var vorte bønhøyrt. (Gløymde eg nokon no, så notér det nedanfor).

Det vart ei svært så uformell linje på møtet, med mykje prat rundt ting som har skjedd i Yrkessjåførombuds-prosjektet. Noko føredragsstil var det ikkje på møtet, og me lot praten gå ved bordet. Driver66 er av den beskjedne typen og følte seg mest komfortabel med og snakka med like-menn og -damer, utan noko slik "ovanfrå-og-ned-stil" på det. Det vart halde val i Yrkessjåførombudet. Nokre overraskingar vart det under valet, men det er rett, for gjennom benkeforslag fungerte demokratiet heilt utmerka. Det einaste grepet eg måtte ta var når Kosjformann vart valdt inn som styreformann i Yrkessjåførombudet. Eg visste at han ikkje kunne styra prosjektet samstundes, då eg har nøkkelen til infrastrukturen her vestpå. Også dette vart det val på. For meg er det godt at eg ikkje lenger er åleine om og drifta prosjektet, og eg er der eg har vore heile tida sidan seinsommaren 2006, nemleg som entreprenør av infrastruktur i prosjektet. Prosjektansvarleg kallast det visst. No ser eg fram til fortsetjinga i Yrkessjåførombudet - eller rettare sagt T.I.A. Yrkessjåførombudet. Samhald og støtte er basisen i alt me gjer, heilt frå personlege møter med og saker rundt den enkelte yrkessjåfør, til saker som må ut i offentlegheita og køyrast heilt til topps, der T.I.A. fører an på det sistnemnde området.

Mange takk til alle som kom på møtet, og mange takk til de som stilte til styret i T.I.A. Yrkessjåførombudet. No er ressursane frå både starten av Yrkessjåførombudet, Sjåførklubbane og T.I.A. (med T.I.A.-formannen) på plass i styret hjå oss. Så samlar me oss og dreg i same retning som eit samla arbeidslag her, og unngår at mange små tiltak sprikar i mange retningar.

No er det sommar og ferietid. Utover hausten byrjar me og samla oss og fordeler litt oppgåver, og dermed er me i gong.
Stuttjukken
- på norske vegar -
 
Innlegg: 4821
Registrert: Fre Des 09, 2005 20:01
Bosted: Arna, Bergen.


Gå til Yrkessjåførombudet, medmennesker på vegen

Hvem er i forumet

Brukere som leser i dette forumet: Ingen registrerte brukere og 1 gjest