viewtopic_print
Side 1 av 1

Stopp i 1 minutt, ty. 22. juli 2008, kl. 11.00.

InnleggSkrevet: Søn Jul 20, 2008 22:13
Stuttjukken
Sist veke omkom det ein trailarsjåfør under ei utforkøyring på E 134 ved Hjartdal i Telemark. Han var tilsett hjå Gustav Eidsvåg, og etterlot seg kone og 3 barn. Gravferda er frå Nordheim kyrkje ved Karmsundet (fastlandssida) like sør for Haugesund. Tidspunktet står i trådtittelen.

No er det fleire SMS-meldingar ute og går landet over om denne markeringa. Engasjerte folk i Yrkessjåførombudet har halde på mykje av dagen med og skriva meldingar og senda dei ut til mange yrkessjåførar. Denne markeringa vil ikkje få ei oppslutnad i nærleiken av markeringa i slutten av februar, då det var gravferd i Namdalen etter ulukka i Østerdalen, men det er sjåførar som seier at dei vil stoppa, sjølv om dei gjer det omtrent åleine. Dermed er oppfordringa gjeve til alle sjåførar som les dette. Stuttjukken er ikkje på jobb på den tida av dagen (tysdag), men har istadenfor brukt litt tid på vidaresending av meldingar som andre har skrive. Det er sendt ut meldingar til minst 10 fylke i sør og nord herifrå, og så er det alle dei andre som har vidaresendt meldingar. Det er mange i aktivitet denne gongen óg. SMS-aksjonen i februar har ukjent opphav, men denne gongen har fleire i Yrkessjåførombudet halde på med det.