viewtopic_print
Side 1 av 1

Yrkessjåførombudet er ute av TIA.

InnleggSkrevet: Tir Des 16, 2008 20:19
Stuttjukken
Yrkessjåførombudet er nyleg trekt heilt og haldent ut av TIA på alle måtar, og går no vidare åleine. Ein samla vurdering basert på tilbakemeldingar frå engasjerte yrkessjåførar og indre forhold i TIA er grunnen til det, svært kort fortalt. Yrkessjåførombudet har valdt og halda fram på sjølvstendig grunnlag, og står fritt til og førehalda seg til kven dei vil.

Helsing Stuttjukken.

InnleggSkrevet: Ons Des 17, 2008 23:39
Stuttjukken
Når ein går ut av TIA med prosjektet Yrkessjåførombudet slik eg har gjort, lot ikkje reaksjonane venta på seg i TIA. Det gjekk akkurat som eg rekna med, der enkelte driv på med skitkasting og vender meg ryggen. Ein treng ikkje vera spåmann for og rekna med det. TIA legg opp til og "teia Yrkessjåførombudet i hel", men det må dei vel gjera. Og ha vonde auge på annleis tenkjande yrkessjåførar fører ingenting bra med seg, og TIA som skal satsa på samhald møter seg sjølv i døra med den strategien. Skal TIA verta teken seriøst blant yrkessjåførane må dei først feia for si eiga dør, for elles vert TIA lett ein koseklubb for ein mindre klikk blant den store hop av yrkessjåførar i Norge. Eindel sjåførar som kontaktar meg seier klart ifrå om at dei ikkje melder seg inn i TIA, og i dag har eg forstått kvifor. Skal TIA koma seg vidare, må dei leggja ALT det som har vore bak seg, og starta med blanke ark. No skal iallfall Yrkessjåførombudet gjera nettopp det.

For og ha klart for seg betydninga av at Yrkessjåførombudet gjekk ut av TIA, skal ein ha klart for seg ein vesentleg ting. Kor mange yrkessjåførar er på nett, tru? Det er nok ikkje stort meir enn 10%, kanskje litt over det. Så er det igjen berre ein mindre del av dei som er aktive på Bergli og Nettby, sjølv om Bergli har passert 4000 brukarar. Så er det berre eindel av dei som har fått med seg at det er noko som heiter TIA, samt at nokre av sjåførane som har køyrt ei stund eller som har gått inn i yrket som foreldra er i har kjennskap til TIA. Yrkessjåførombudet er framleis så ukjent at berre 0,2-0,3% av yrkessjåførane i Norge har høyrt om det, og det er kun gjennom nettet. Når det gjeld dette at Yrkessjåførombudet gjekk ut av TIA, skal ein vera klar over at det har ingen verdas betydning for yrkessjåførane det som HAR SKJEDD, fordi det er så ukjent. Skulle dette ha vorte nemnt for tilfeldige yrkessjåførar ville dei berre sjå dumt på ein, rett og slett fordi dei ikkje veit om Yrkessjåførombudet. Ein skal vera klar over at det er der stoda er. Det som er viktig er kva som skjer i Yrkessjåførombudet i framtida. Eit brot med TIA er kun ei enkeltståande hending som ikkje eignar seg for noko anna enn at dette er noko ein skal leggja bak seg. Historie eignar seg best som, ja nettopp historie.

Mogleg eg skriv litt om kvifor Yrkessjåførombudet gjekk ut av TIA, men det spørst om eg giddar. Eg synest ikkje saka er så frykteleg viktig at det gjer noko. Vel, tida får visa.

InnleggSkrevet: Søn Des 21, 2008 15:26
Lucky Luke
Eg vil kjempe vidare for Yrkessjåførombudet, og vender ingen ryggen :) MEN: eg stiller spørsmål ved prosessen rundt utmeldinga, som IKKJE har våre diskutert med styremedlemanne i organisasjonen...

InnleggSkrevet: Søn Des 21, 2008 19:42
Sølvreven
Sjåførombud eller hva de nå en kaller seg, bør være mere moderate en de viser seg faktisk å være.
Slik jeg og veldig mange ser det, har dagens ombud presentert seg som et kontaktbindeledd og kontaktskaper i forbindelse med hendelser eller situasjoner sjåfører har kommet i.
Det man har sett, er at det er sendt en blomsterkvast i forbindelse med tragiske hendelser.
Ombudet har heller ingen forutsettninger for og ta kontakt med sjåfører som har vært utsatt for alvorlige ulykker, eller ulykker uten alvorlige skader - Som også kan skape reaksjoner -
Ombudet bør være skolert i forbindelse med de faser man kan havne i ved kriser. Og det kan ikke være Ombudet som på egen vurdering avgjør hva som er en krise eller ikke, men i dag er det slik.
RD bør se på hva dette ombudet driver med, før det legges ut på nett at denne gruppen fremstiller seg som om de kan hjelpe til ved hendelser.
Men om RD og Bergli ønsker å påta seg dette ansvaret, ja gjerne for meg, men da må ombudet være motagelig for kraftig kritikk dersom man ikke griper inn, eller viser intresse for og i det hele tatt bry seg om hendelsen.
Mener helt klart at Ombudet kan ha en misjon, og at ombudet burde ha bred kontaktledd med alle som organiserer eller som jobber med og for sjåfører.
Men dagens ombud viser at dette ikke er mulig, det at han trekker seg ut fra TIA med den årsaken som er nevnt ovenfor, ja da er min tilitt til Ombudet helt borte.
Må også fremheve at jeg selv ikke er en del av TIA.
Ombudet burde i høyeste grad takle motgang, og ikke løse dette med å trekke seg. Dette viser og dette er en klar dokumentasjon på at Ombudet mangler klare forutsettninger.
Ut fra dette bør ombudet i samarbeide med Bergli lage et info om når ombudet skal gripe inn og det samme i når ombudet kan gripe inn.
Å ombudet bør ikke føre en åpen krangel med inntresseorganisasjoner på nette, dette er totalt usmakelig.
Men dette er slik jeg ser det, og dere andre ser det sikkert anderledes
Med Hilsen
Stig

InnleggSkrevet: Man Des 29, 2008 12:55
Stuttjukken
Lucky Luke har fått svar på sitt spørsmål.

Dette med deltaking i Yrkessjåførombudet er ei frivillig sak. Yrkessjåførar som let seg engasjera av sakene kan verta med i Yrkessjåførombudet, vel og merke om dei føler at dei kan stå inne for det Yrkessjåførombudet står for og driftsformen der. Dei som ikkje står inne for det Yrkessjåførombudet står for eller oppfattar Yrkessjåførombudet som useriøst eller eit luftslott, vil nok ikkje klara og finna seg til rette i Yrkessjåførombudet, og då bør ein ikkje delta i Yrkessjåførombudet heller. Sånn er det med eitkvart prosjekt eller organisasjon, og Yrkessjåførombudet skil seg ikkje ut frå andre prosjekt eller organisasjonar på dette området. For og sei det slik, så er det inkonsekvent for ein avhaldsmann og melda seg inn i ein vinklubb, eller det er inkonsekvent for ein mekanikarinteressert og melda seg inn i ein t.d. syklubb utan den ringaste interesse for og sy.

Ser i ein annan tråd på Bergli at det er diskusjon rundt namnet Yrkessjåførombudet. Det er ein ting som er sikkert når det gjeld namn, og det er at namn er gjenstand for endring, noko som ikkje har vore aktuelt så langt, men det kan verta aktuelt seinare.

Hugs at deltaking og engasjement i Yrkessjåførombudet er ei frivillig sak, men stå inne for det Yrkessjåførombudet står for før de engasjerar dykk der, slik at de slepp og ergra dykk over Yrkessjåførombudet etterpå. Eg kom til at TIA ikkje var det rette for verken meg personleg og Yrkessjåførombudet, og tok konsekvensen av det ved og trekkja meg ut heilt og haldent. Ha klart dette faktumet for dykk istadenfor og koma med ein bråte med synsingar rundt Yrkessjåførombudet. Prosessen med at Yrkessjåførombudet har gått ut av TIA har gått mot ein avslutning, og er noko me i Yrkessjåførombudet er i ferd med og leggja bak oss. Kva TIA startar opp eller kjem til og gjera legg ikkje me i Yrkessjåførombudet oss bort i.