Nok ein feildømt yrkessjåfør

Dette er tråden til våre Sjåførombud, og vil inneholde egne tråder og informasjon knyttet til sjåførenes liv og virke på veien. Mer info kommer.

Moderatorer: Stig-Arne, Lysmester`n, jvsandem, DeLutte, MOOY, topline164

Nok ein feildømt yrkessjåfør

Innlegg Stuttjukken » Fre Feb 06, 2009 10:45

Asgeir Lundstrøm er tilsett som lastebilsjåfør hjå Heen Transport (eller noko slikt), og bur i Grimstad. I 2007 køyrde han betongbilen, og i ein vanskeleg høgresving kom det ein gutunge på sykkel inn i blindsona, og han vart overkøyrd og omkom på staden. Lastebilsjåføren hadde inga moglegheit til og sjå syklisten, same kva han hadde gjort, og det var ingenting han kunne ha gjort annleis for og unngå den tragiske ulukka. Det høyrer med at foreldra til gutungen fekk åtvaringar nokre veker før ulukka, som tilsa at dei måtte syta for at gutungen slutta og sykla så fritt som han gjorde, før det ville skje ei alvorleg ulukke. No skjedde ulukka, og tragedien ramma familien til gutungen, medan lastebilssjåføren som ikkje kan lastast for ulukka likevel har saka hengjande over seg. Han vart først frikjent, men seinare dømt. Saka vart sendt til Høgsterett, men har gått i retur til Lagmannsretten, som dermed er nøydd til og ta saka opp på nytt. Lastebilsjåføren missta sertifikatet for 7 veker, men fekk det attende. Sidan har han køyrt, men står Lagmannsretten på sitt frå sist handsaming, misser han sertifikatet for heile 3 år. Her skal ein merkja seg at han er idømt 90 dagars fengsel, noko som er lenger enn tilsvarande saker, t.d. Ola Sandøy. Saka til Asgeir Lundstrøm har mykje til felles med saka til Ola Sandøy, og bør samanfattast. Sidan saka til Ola Sandøy er så godt profilert og kjent blant mange, og som media har teke godt tak i, let det seg ikkje gjera på ståande fot og samanfatta Asgeir si sak med denne. Asgeir si sak er komen heilt i skuggen av den viktige saka til Ola Sandøy, og difor går Asgeir si sak ut særskilt. Eg sit med ei kjensle at både Ageir si sak og eindel andre saker står i fare for og verta gløymt. I gruppa vår handlar det om enkeltmennesket, så difor trur eg me skal køyra sakene særskilt kvar for seg i gruppa Yrkessjåførombudet. Det gjeld både Asgeir Lundstrøm, og sakene til yrkessjåførane som vert teke opp her i tur og orden. Slik stoda er treng kvar sak si merksemd, utan at ein puttar dei i sokalla sekkepostar. Til det er sakene til enkeltmenneska her for viktige.

http://www.domstol.no/DAtemplates/Artic ... anguage=NO .

http://www.domstol.no/upload/HRET/saknr ... nonymisert).pdf .

http://www.duo.uio.no/publ/jus/2003/102 ... ppgave.pdf .

http://www.lovdata.no/all/hl-19650618-004.html .

http://www.lovdata.no/all/hl-19650618-004.html#31 .

http://www.fvn.no/nyheter/ostre/article482803.ece .

http://www.fvn.no/nyheter/ostre/article483145.ece .

http://www.fvn.no/nyheter/ostre/article483622.ece .

http://www.fvn.no/nyheter/ostre/article527581.ece .

http://agderposten.no/apps/pbcs.dll/art ... ABONNEMENT .

http://www.fvn.no/nyheter/ostre/article550765.ece .

Sjølv om Asgeir Lundstrøm er oppegåande så godt det let seg gjera, så er han merka av det han opplever. Også han treng all støtte som er og oppdriva blant norske yrkessjåførar. Saka hans skal gjerast så godt kjent som mogleg i tida framover. Når den dagen kjem at saka skal opp i Lagmannsretten på nytt, skal han ikkje vera åleine i rettsalen. Då ynskjer både han og underteikna at det møter eindel yrkessjåførar i rettslokalet. Støtt også denne saka. Det er klart for diskusjon. Formidla saka hans vidare, iallfall til så mange yrkessåførar som mogleg.
Stuttjukken
- på norske vegar -
 
Innlegg: 4821
Registrert: Fre Des 09, 2005 20:01
Bosted: Arna, Bergen.

Innlegg Stuttjukken » Fre Feb 06, 2009 13:33

Støttegrupper på både Nettby og Facebook.
Stuttjukken
- på norske vegar -
 
Innlegg: 4821
Registrert: Fre Des 09, 2005 20:01
Bosted: Arna, Bergen.

Innlegg Stoffi » Fre Feb 06, 2009 14:00

Fant ikke gruppe på Nettby jeg. :sad:
For every complex problem, there is an answer that is short, simple and wrong...

Flensburg Express
Brukerens avatar
Stoffi
Langtransportsjåfør
 
Innlegg: 1143
Registrert: Lør Jun 21, 2008 22:55
Bosted: Magnor


Gå til Yrkessjåførombudet, medmennesker på vegen

Hvem er i forumet

Brukere som leser i dette forumet: Ingen registrerte brukere og 1 gjest