Stuttjukken » Tor Nov 02, 2006 10:33
No er nok ikkje vinteren så lang i Kazakstan, sidan landet ligg så langt sør. Det som er er at vindtrekken frå Sibir fører til ein kuldeperiode dei fleste vintrar der det gjerne vert langt kaldare enn i Finnmark. Medan det er ei storhending (??) med -50°C i Karasjok i Finnmark, oppstår slike ekstrem-temperaturar langt oftare i Kazakstan. Det er jo ein periode med sprengkulde kvar vinter i dei fleste land mellom Europa og Kina/India. Det er jo skikkeleg vinterkulde i fjellområda i både Tyrkia, Iran, Afganistan og Pakistan. Sjølv fjellområda i Libanon, Syria og Irak (nord) er det kaldt om vinteren. Med kaldt her, meinar eg kaldare enn i store delar av Norge. Det er slik i dag at Norskekysten og Svalbard er verdas varmaste område, breiddegradene teke i betraktning. På vinteren kan det godt vera -60°--70°C i Aust-Sibir sør for Polarsirkelen, og samstundes regnar det på Svalbard med rundt +5°C som er mykje lenger nord. I februar 2005 var det +16°C på Vest-Grønland rundt Polarsirkelen. Det vart varmerekord for Grønland, og aldri har temperaturen nådd slike høgder på Grønland sidan målingane starta.
Det er berre å fyra under tankane i Kazakstan...............